torsdag 25. juni 2009

Ei heilt spesiell barselgruppe

I romjula 2003 fann eg ut at eg var gravid for fyrste gong. Ilag med dei mange glade tankane kom minst like mange spørsmål, og behovet for å finne informasjon meldte seg straks. På mi leiting etter info havna eg på eit internettforum for vordande mødre (og eit par modige vordande fedre). Her var det ein terminklubb for kvar månad i året, der ein fann medsøstre som var i akurat samme stadie i svangerskapet som ein sjølv. Her var alt frå dei pur unge fyrstegongsfødande, til godt voksne damer som venta både tredje og fjerdemann. Gjennom dei månadane svangerskapet varte vart me godt kjende. Me delte sorger, gleder og bekymringar. Ikkje berre i svangerskapet, men i livet generellt.

Når augustborna våre hadde komme til verda fylgdest dei fleste over til eit anna form – eit for nybakte mødre (ja, det finst eit forum for alt der ute). Sorgene, gledene og bekymringane var så absolutt til stades når dei store magane var erstatta med små babyar. Nokon fekk livet snudd på hovudet då barnet dei fekk i armane viste seg å ha livstrugande sjukdom eller heilt særskilde behov. Andre opplevde at samlivet med maken ikkje lenger fungerte, og vart åleine med sine små. Alt dette var med på å styrkje samhaldet og sette ting i perspektiv for oss alle. På forumet kunne diskusjonane gå så busta fauk, medan den som trengte eit klapp på skuldra, eit spark i riktig retning eller eit trøstande ord – ho fekk det. Mødrene var spreidd over det ganske land, men eit par av dei budde såpass nære at me begynte å treffast i ny og ne. Dei små babyane vart større, og det vart òg venskapet oss mødrene imellom. Etterkvart som ungane våre vart bevisste på andre ungar vaks det fram venskap også dei imellom. Venskapa oss vaksne imellom vert hovudsakleg pleia på nettet, og no er det så alt for lenge sidan våre små har fått treffa kvarandre. Likevel hender det rett som det er at me snakkar om dei to småjentene som storesyster har vorte kjend med i dette "systemet".

No er august-ungane våre snart 5 år, og denne helga er eg og storesyster i hovudstaden for å møte fleire av dei damene og ungane me har vorte kjend med via eit forum på internett. Mange av damene har eg møtt før, men eit par av dei skal eg for første gong prate med ansikt til ansikt. Og likevel – eg føler eg kjenner dei godt. Så vert det spennande å sjå om 5-åringane våre finn tonen i leiken, slik at mødrene kan skravle om laust og fast. Det er meldt strålande vèr, og det er me særs nøgd med, sidan nettene skal tilbringast i telt i hagen til ei av damene. Den natta som no ligg over byen tilbringer me hjå mi gode veninne som alltid har både husrom og hjarterom. Heilt glimrande med eit påskudd til å besøkje ho òg.


Imorgon skal me ta ein liten runde i sentrum (ja, den vert liten med ei jente som ikkje kan fordra butikkar!), før me et lunch med veninna mi og snur nasen mot hagen der ein gjeng damer og ungar skal tilbringe helga saman. Me gler oss!


God helg!

6 kommentarer:

Trollkåno sa...

Høyrest kjekt ut....kos deko i hovedstaden!!

Hilde S. sa...

Så spanande å treffe desse menneska som du kjenner, men som du aldri har møtt.
Kos deg masse, og ha ei fin helg.
Sommarsmil H

Anonym sa...

Kor kjekt!kos deko! -n-

Noralill sa...

Det høyres kjekt ut! Nokon er så flinke til å halde kontakten sånn lenge etterpå...spennande å sjå om 5-åringane finn tonen saman...

Kos dekan i Oslo..

Frøken Englefjes sa...

Dette hørtes veldig bra ut! Man trenger slike nettverk rundt seg enten det er på nett eller ikke;) Kos dere i Oslo;)

Lene sa...

Vi er så heldige som har denne gruppa. Takk for ei uforglemmelig helg, vennen :)

Related Posts with Thumbnails