måndag 8. juni 2009

Dei vakraste barnekle frå By-Torinn!

På Evangerlaurdag, som eg skreiv om i forrige innlegg, var det ein stand som selde barnekle. Eg våga ikkje nærme meg standen, for eg såg på lang avstand at nydelege kjolar flagra i vinden, og at eg garantert ikkje hadde med meg nok peng til å slå meg laus i alt det lekre. Dagen etterpå fekk eg vite at alle kleda på standen gjekk for 50 og 100 kroner, og vart ganske sur på meg sjølv for ikkje å ha sjekka moglegheitene. Men, plutseleg igår kveld tikka det inn sms om at ei dame i bygda hadde salg av dei samme kleda i garasjen sin utover kvelden, til samme prisar som på Evangerlaurdag. Då kunne eg ikkje la sjangsen gå ifrå meg!


Denne knallskjønne buksa kan faktisk storesyster bruka som shorts (eller vetlesyster som bukse), sjølv om den eigentleg er i ein liten størrelse. Buksa er frå danske minymo.

Denne nydelege toppen hadde ein like nydeleg shorts som høyrde til, men då eg ikkje fann dei i samme størrelse vart det med overdelen - til storesyster.

Det finaste av alt syns eg likevel var denne kjolen - eller desse kjolane - for eg kjøpte lik til begge jentene (fyrste gong eg har gjort det, gitt). Ein heilt fantastisk kjole, med eit mønster som eg seinast såg på eit svært trendy dynetrekk, og med knallfine smårutete kantar. Eg fall pladask!

Kjolen, og masse masse anna lekkert, er frå By-Torinn. Ta deg ein tur innom! Og - det heilt fantastiske er at desse kleda, som eg kjøpte til 200 kr for 6 plagg tilsaman har kosta omtrent 1500 kr ny pris. DET kallar eg eit kupp :D


Kjolar vert det sjølvsagt aldri nok av............

7 kommentarer:

Nikoline sa...

God morgon:0)
Herlighet så fine barneklær!!! Alt saman! Og så til DEN prisen,då... ja,slike kupp er det veeeldig greit å få med seg!
Du lurte på huset i Haugamoen - om det er eit ein går forbi.Trur ikkje det,om du ikkje går rundt langt inne i Haugamoen då..
Det ligg i ei tverrgate oppe ved butikken (Dyrdal mat) Heldigvis ikkje ei gjennomkøyringsgate(!)så det er lite trafikk der.Men likevel så annleis enn eg er van med..5 hagar inn mot vår og gate på framsida... Ja,ja,den tid den sorg.
Ha ein riktig fin dag!

Annika sa...

Åå, so nydlige klær! Og for eit kupp du har gjort! Var godt du fikk tips om garasjesal i tillegg...

Ynskjer deg ein strålande tysdagskveld.

rod i hob sa...

Fantastisk kupp du har jort altså!!

Kjolen (ane) va bare heilt nydelige! Dei tok meg til ei anna tid ett lite øyeblikk!! Tenk så fine jentene dine blir i desse :-)
Synd dei ikkje va ROSA?? He he -alt kan vel ikkje væra rosa ;-)

Ha en kjempefin kveld! Eg B A R E kose meg på nett i kveld. Befriande med ein kveld "for meg sjøl"

I eit hus i ein dal sa...

Nei DET har du heilt rett i;)

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Hei hei ! Så kjekt å se !Fiiiiiine klær!

PS: sendt deg en mail

Klem fra Lisbeth

Liv Elin sa...

For et kupp ! Vy Torinn klærne er virkelig skjønne ....likte spesiellt de kjolene i Toile`mønster , som jo også er ganske så pop for tiden ! :)

Ha en flott junikveld !

Torunn Valland sa...

Hei på deg.. Eg virkelig sjarmert og glad for alle de fine komentarene og beskrivelse av klærne mine... Sitter på Ciff, Moteuken i København og får denne bloggen i fanget... Tusen tusen takk alle sammen.Jeg føler meg beæret!!!
Sensommerhilsen fra Torunn Valland
(designer og eier av By-Torinn)

Related Posts with Thumbnails