søndag 10. mai 2009

Vene Sogn

Så var me tilbake i heimen etter ein todagars tur i Sogn. Alle ein smule trøytte, men me har hatt det kjekt, og det håpar og trur eg resten av gjengen og hadde. Sjølv vakna eg og var småurven igår - kvalm og uvel, med verk i kroppen. Likevel ikkje verre enn at me drog med oss "flyttelasset" og gjekk på bussen. Hedvig syns det var veldig spanande sidan ho fekk sitje på fremste benk, og hadde kjempegod oversikt!

Me tok eit stopp i Lærdal, der me etter å ha lært om Villaksen spaserte ein tur på gamle Lærdalsøyri. Det er utruleg flott med alle dei gamle trehusa på rekkje og rad!


I eindel av dei har det kome små butikkar; brukthandel, antikkforretning, platebutikk, frisør, kafè, pensjonat.... små nisjeforretningar som verkeleg passa inn i det nostalgiske miljøet.


Eg fall sjølvsagt for det rosa huset...

Gamle sjøbuer side om side med noko av nyare dato som speglar seg i vatnet.
Etter denne rundturen bar det til Vesterland i Kaupanger, som hadde stort leikeland og eit badebasseng å by på. Rosamannen fekk verkeleg ta seg ut med ungane, sidan mor sjølv eigna seg best til å sitje på ein stol og med eit godt tak rundt farris-flaska. Jentene hadde det superkjekt saman med større ungar i klatrestativ og hoppeslott, ballbinge og badebasseng. Då dei var kubbeklare kl 21.30 syns me det var heilt greitt, og dei var ikkje før sovna i senga, før eg kubba på sofaen. Idag vakna eg heldigvis til betre form!! (bank i bordet!)

Turen idag gjekk tilbake til Flåm, der me hadde bestemt oss for å spela ein liten konsert. Ja, for kva er vel musikklagstur utan konsert? Slagverket var sjølvsagt med, saman med instrument og ......notestativ. Eller? Neidå, det viste seg at alle trudde nokon andre hadde ordna med desse, og plutseleg hang heile konserten i ein tynn tråd. Det kom nokre små regndråpar, og det gjorde ikkje saken betre. Men så er ikkje verda så stor - me kjenner ei som spelar i korps i Flåm, og som tilfeldigvis var på jobb rett attmed der me skulle spela. Ho kjende han som hadde nøklar til øvingslokalet deira, og tilfeldigvis var han på vakt nede ved kaia, eit par hundre meter unna. Han hadde tilfeldigvis nøklane med seg, var tilfeldigvis ferdig med vakta 5 minuttar seinare, og me kunne få låna stativ. Akurat i det me hadde fått notestativ på plass kom sola, saman med ein buss glade japanarar! Dei stillte seg opp saman med oss i tur og orden for å verte fotograferte. Ikkje minst var dei lyshåra små jentene i fylgjet vårt populære og eksotiske for desse langvegsfarande turistane. Jentene sjølve syns det heile vart noko slitsamt i lengda :) Idèt den siste tonen frå laget forsvann mellom fjella starta det å regne att... Det var liksom meininga att me skulle spele konsert akurat der og då!


Dette siste biletet er av ei stor steinkule som stod og roterte på ei søyle med vatn. På kula ser ein verdskartet, og på bildet er Norge og den raude prikken som viser Flåm rett framfor Oda. Ganske stilig!!
Imorgon er det ny veke og nye moglegheiter, og yr.no lovar fint vèr heile veka!!

5 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

Du verden. Det hørtes ut som en tur det var verdt å ha med seg. Og når tilfeldighetene var helt på deres side... Stilig!

Men det var da utgjort at du skulle få med deg en dårlig form på turen. Håper den blei igjen i Sogn. Snakkast!

Henriette sa...

Så kjekt dei høyrest ut som om de har hatt det(ja bortset frå kvalmen då......). Nesten som eg fekk lyst til å reisa på tur til Lærdal;)

Ha ei fin veke.
Klem:0)

Aarskog maskin sa...

For eit kosleg innlegg du hadde i dag! Var så artig å sjå siste biletet ditt, minte meg så mykje om vesletrulta mi: same hue og med brillene forsiktig ned på nasen! Skjønne barn du har!

Nikoline sa...

Ein vellukka tur ser eg.. med masse moro for både liten og stor.Lærdalsøyri er fabelaktig med sin arkitektur!Vert aldri lei av å rusla rundt der og sjå.
No får me håpa det ikkje er svineinfluensaen som herjar i skrotten (men det er vel ei stund sidan du var til Mexico du også...?)I alle fall, god bedring!
Ha ei (forhåpentlegvis) strålande veke!

mali-mo sa...

Så ut som om dere har hatt en flott utr da, synd med den kvalmen, men godt du kom deg igjen og fikk litt ut av turen likevel.


Det er flott i Lærdal ja, har vært der mange ganger, koselig med de gamle husene ;)

Related Posts with Thumbnails