onsdag 20. mai 2009

Rosa goes green!

Del 1
For ei tid sidan fekk eg ein gammal kjøkkenbenk innatt på kjøkkenet mitt. I slike gamle kjøkkenbenkar skal det vere skuffepapir, og eg har surfa ein heil del for å finna noko som passa, og noko eg likte. Så langt som til å bestilla har eg aldri komme. Her ein dag i veka hadde mannen min teke seg ein tur innom Patina (med denne bloggen), og hans fyrste tanke var då "kva her har kona mi lyst på?" Er ikkje det ein fantastisk tanke??



Lang historie kort - han enda opp med hyllepapir. Og ikkje kva som helst, men eit friskt og grønt eit, som dufta av sitron og grapefrukt. Det var ikkje nok til å dekke dei fire store skap-hyllene, men dei tre skuffene har iallefall fått eit fint dekke. Eg har ikkje fyllt kjøkkenbenken med ting og tang, for planen er jo at den skal målast i samme slengen som me pussar opp stova. No anar det meg at det vert ei stund til, så eg trur kanskje eg lyt bruke den gode oppbevaringsplassen til noko i mellomtida....



Del 2
Den siste tida har eg fått leika meg litt med grafisk design på jobb. Design og design - eg syns det ordet er så stort og flott at det er vanskeleg å bruka.... Eg har iallefall fått utforma diverse trykksaker til Vossakyrkjemessa, som vert arrangert komande helg på Voss. Temaet i år er "Pilegrimen", og frå oppdragsgjevaren fekk eg tilsendt bilete av ei ny pilegrimsnål som er laga i høve årets jubileum for Vossakyrkjemessa, og temaet for den. Nemnda ynskte at nåla/merket skulle vera med på plakatar osv.

Min fyrste tanke var at i designet måtte det finnast ein veg. Pilegrimane er jo kjende for å vere på vandring, ikkje sant? Eg prøvde å teikna ein på frihand på dataskjermen, men den vart igrunn ikkje særleg fin. Difor måtte eg gjere som Ingrid Espelid - eg juksa litt. Ved hjelp av Photoshop fekk eg drege ut den vegen som allereie fanst i det nye "Krossamerket", og la den som bakgrunn og gjennomgangstema for heile designet. Det grøne er sjølvsagt grøne enger langs pilegrimsvegen. Det heile er enkelt, men forhåpentlegvis effektfullt.

Etter 30 timars arbeid med plakatar, brosjyrer og diverse program, vart eg idag ferdig. Som belønning (jau, eg får mi vanlege løn i tillegg) har eg fått gratis billett til ein konsert i Vangskyrkja fredag kveld, og den aktar eg å nytta meg av. Eg har invitert mor mi med til å vera litt "høgkulturell" saman med meg, og så får me tru at Rosamannen held stand i heimen med dei søte små.
Vossakyrkjemessa har eit ganske interessant program, så eg anbefalar dei som har høve til å ta turen på eit eller fleire arrangement.
God langhelg!

5 kommentarer:

Annika sa...

Så kreativ og flink du er - ja Rosamannen også!

Eg ser eg går glipp av litt ved å ikkje kunne photoshop!

Brosjyre og plakatar blei iallfall veldig flotte!!

God langhelg:) Håper konserten vert bra!

Patina-H sa...

Så fint papir du har fått :) Godt me rydda litt på butikken, for då dukka det plutseleg opp ! No ryddar me klart til kafè, sjølv om me endå ikkje har fått inn vatn... Jaja, alt til si tid ;)
Kjempefin brosjyre ! Du er flink :)
Ha ei fin helg !

mali-mo sa...

Så kjekt at du får sånne oppdrag da, det ble jo en flott brosjyre, og de ble vel kjempefornøyde?

God konsertopplevelse! Vi nyter hyttelivet, herlig ;)

Rønnaug S. sa...

Knall stilig hyllepapir. Og mannen er virkelig et scoop, som kommer på sånne ting :)

Og de brosjyrene og plakatene, de har du virkelig fortejent premie for. De er rett og slett kjempefine!!!

God helg!

ingridmarie sa...

Vakkert design på brosjyren! Tiltalande og vakkert!

Related Posts with Thumbnails