torsdag 14. mai 2009

Retail-therapy funkar som ei kule!

Idag tok eg lunch-pausen på Felleskjøpet, som ligg ikkje så langt frå kontoret mitt. Eg såg nemleg ei dame med massar av blomar der tidleg i veka, men sjuk Hedvig på tirsdag, og kortmappe heime i ei jakkelomme igår har vore effektive stopparar for pengebruk fram til idag. Eigentleg skulle eg vel berre ha to blomar til å setja utom porten før helga, og så hadde eg høyrt om billege stemorsblomar.....


Men, innanfor porten vart eg som ein unge i godtebutikken. Eg klarte berre ikkje å bestemma meg! Folk kom og gjekk, medan eg gjekk og løfta opp og sette tilbake den eine blomen etter den andre. Til slutt måtte eg jo komma meg tilbake til den noko frustrerande produksjonen av trykksaker til eit stort arrangement på Voss neste helg. (Eg syns det er fantastisk kjekt å leika med trykksaker, men nokon gonger er "kunden" så vanskeleg at eg nesten tek meg sjølv i å sitja og spytta og fresa framfor PC'en.) På engelsk har dei eit uttrykk som heiter "retail therapy", og det passa bra idag. Retail betyr rett oversatt detaljhandel, og då er vel resten sjølvforklarande?
Som eit ledd i terapien tok eg altså med meg 4 staudar - to kvite og to av den du ser rett over her. Den hadde utruleg fine blomar! Felles for dei to typane er at dei breier seg i teppe, og vert 10-15 cm høge. Eg har tenkt at dei skal stå i denne lite dekorative skråninga, som liksom er sentrum i hagen vår. Her er eit par staudar allereie, men òg mykje stein og ugras.......

Til slutt røska eg med meg to søte små blomar med lange fingrar, som ville klara seg fint i veggpotter, ifylgje blomsterdama. Ho kunne òg gå god for at dei tålte det meste - sjølv om ho dreiv med blomar var det nemleg ikkje alltid ho klarte å passe på å vatne sine eigne......... jaja, ærligheit varar vel lengst, gjer det ikkje?

Dei passa iallefall fint på veggen hjå meg, og det kan godt hende eg testar hardførheita deira iløpet av våren og sommaren.
No sitt eg i stova med laptop på fanget og ser Grand Prix. (utruleg mange korte kjolar, tronge bukser og halvdårlege vokalistar i år òg, men så er jo den herlege Alexander Rybak der, då. *sukk* Og så sler det meg at det bles fælt i Russland ikveld - det blafrar så voldsomt i hår og kjolar at dei nesten fyk av scena!) I glaset har eg ein dråpe raudvin, og livet er igrunn ikkje så verst. Imorgon skal me til svigers i eit nødvendig ærend; Snille svigermor har redda oss med bunad til Oda, og storesnuppa er lukkeleg over å få heilt lik bunad som super-tante :)
Heilt på tampen - ta turen inn til Rod i hob, ho har konkurranse, og ellers ein veldig kosleg blogg som eg er innom så ofte eg kan!
Nyt kvelden!

3 kommentarer:

Linda sa...

Det kjem til å bli so fint atte!! herlig med litt terapi av den sorten av og til -det er godt for sjela!!! *smask*

HildeS. sa...

Blometerapi er ikkje å forakte.
Eg var på Plantasjen tidlegare i veka, og hadde litt vanskeleg for å bestemma meg eg og, men fekk nå med meg litt.
Vanskelege kunder er ikkje noko kjekt, men heldigvis så har eg svært lite av dei innom butikken.
Ha ei god helg,
og ei fin 17. mai.
Smil H

Rønnaug S. sa...

Det var ikke dumt, nei. Når både tobeinete og lågføtte damer slår seg vrange er det ikke ille med noen blomster til trøst. Og fint blei det også.

Hadde store planer for å skaffe noen vakre blomstrende planter til botter og bøtter og kar, jeg også. Men, det blei bilvask i stedet... Og det er heller ikke å forakte i disse tider. Da er det bare èn bil som må få en omgang her heime.

Kos deg i helga!!

Related Posts with Thumbnails