tysdag 26. mai 2009

Eg kan sy!

- og eg håpar det kan vere min nye hobby, og ikkje berre eit eingongstilfelle.

Idag kunne Storesyster gå i barnehagen i heimesydd fleece-bukse, og eg trur nesten me var like stolt, begge to. Stoff og mønster vart kjøpt på Stoff og Stil for veldig lenge sidan (var det ifjor haust, tru?), men eg har liksom aldri komme igang. Men, for eit par veker sidan rydda eg scrappesakene mine ned i diverse skuffer og boksar. Eg føler meg heilt tom for den typen kreativitet (men har eit håp om at kanskje den kjem tilbake ein gong).

Istaden kom symaskina eg har arva frå mor mi fram på bordet. Å sy er òg kreativt og skapande, men eg treng liksom ikkje finne opp kruttet kvar gong. Nokon har faktisk funne det opp, så eg kan kose meg med å finne kule stoff og fargar, og fylgje eit mønster for det eg vil lage. Iallefall no når eg er i startgropa.


Seinare, når/hvis eg er meir erfaren klarar eg meg kanskje utan punkt-for-punkt beskrivelsane til S&S, som eg likevel har problem med å forstå. Nokre begynnarfeil er heller ikkje til å unngå... Dei to framstykka på buksa vart heilt identiske istadenfor speilvendte, så eg måtte klyppe ein gong til. Heldigvis hadde eg litt ekstra stoff å ta av. Dessutan er det lommer på buka - men den eine av dei er ei typisk "oppover-lomme", der ingenting kjem til å ligga trygt..


Sist eg var på S&S hadde eg mann og barn med meg. Eg lova mannen at eg skulle springe igjennom butikken omtrent på like lang tid som han og ungane ville bruka på å eta kvar sin is utanfor. For å sei det sånn, så rakk både rosamannen og ungane å ete isen sin, for så å bli grundig lei alle hyllemeterane med stoff, medan mor sjølv vart ein tanke stressa og heit i toppen.


3 forskjellige stoff enda eg opp med, til to prosjekt som eg håpar å kunna visa fram om ikkje alt for lenge...

Til slutt må eg berre visa fram det fine "Krossamerket" som eg fekk av den snille snille sjefen min på jobb idag, etter den før omtalte produksjon av plakatar og diverse trykksaker til Vossakyrkjemessa. Merket var mindre enn eg trudde, og veldig fint. Det kan dessutan brukast som anheng istadenfor nål.

Tusen takk for dei kjekke kommentarane eg har fått, og ha ein god tysdagskveld!

10 kommentarer:

Trollkåno sa...

Flott bukse!
Og no er du igang......kjempefine dei stoffa du kjøpte.

bestemor sa...

Flink jente er du, ser riktig fint ut. Du vet øvelse gjør mester.Lykke til med neste prosjekt, det er nesten så jeg fikk lyst til å sy igjen.

lise sa...

Fin bukse! Det er veldig kjekt å ha en symaskin å være venn med, så kjøp litt stoff og sy i vei!

Krossamerket var veldig flott også.

Linda sa...

Eg gløymte å legge inn kommentar på forrige innlegget, ville berre sei EG ER INNOM!!! opptil fleire gongar pr dag.. ehm...

og du,, KLART DU KAN SY!!
flott bukse, tenkjer det blir mange flotte plagg etterkvart!!
og du... dei turkise-svarte stoffa var nydelige!!!

Rønnaug S. sa...

Så knall bukse. Kan se at tøtto likte seg i den. Hm. Lurer på om ikke S&S snart må få besøk av meg også. Et par av de stoffa du fikk med deg ser veldig interessante ut... Gleder meg til å se hva du får ut av dem.

Hanne sa...

Ja visst kan du sy! Så fin denne ble.
Jeg har en intensjon om at jeg også skal bli en syer, jeg skal bare-bare-bare. Jeg har, som deg, stoffer og mønstre liggende fra Stoff&Stil. Når jeg tenker etter har jeg visst til og med et ferdigklipt stoff som skal bli en topp til meg selv. Hmmm - kanskje i helga?
Fine stoffer du viser, blir spennende å se hva de blir til. Og den nåla var flott!
Pludrehanneklem

Gamleheksa sa...

Flott bukse. Du har nok arvet sy-genene til mor di du.

Eva sa...

Dette klarte du jo fint- får til det meste du tek i ser det ut som.

Helsing Eva

Liv Elin sa...

Kjempeflott bukse - og det er sant at en jammen fort blir bitt av basillen , når en først har satt seg foran symaskinen! ;)

Artige stoff du har funnet på S& S også !

mormonsen sa...

Så mye kreativitet og skaperglede! Du er nok dattra til mor di, ja. Eg fant deg gjennom bloggen hennes, som eg har fulgt en stund. Lykke til med alle dine flotte prosjekt! :)

Related Posts with Thumbnails