onsdag 6. mai 2009

Eg gleda meg til shopping på Kid idag..

Måndag låg det Kid-katalog i postkassa mi. Eit heilt lite blad med lekre saker i forkjellige stilartar. Eg bladde - og bladde ein gong til. Det var dukar, puter og tepper med dei vakraste sommar-roser, og auga vart stort og vått, medan kort-mappa låg og pulserte i lomma. Eg gav beskjed til Rosamannen at eg nok måtte dit ein tur, og som vanleg fekk eg hans godkjenning. (Eg er den heldige "eigar" av ein mann som sjeldan eller aldri protesterer når eg vil kjøpe noko. Kanskje det betyr at eg eigentleg ikkje shoppar så mykje? Eller at eg berre fortel han om brøkdelen? Eller at han rett og slett ikkje gidd bry seg....)


Etter jobb idag la eg vegen om vår næraste Kid-butikk, og med kortmappa i handa og forventning i blikket gjekk eg inn døra. - og vart så skuffa!! Der var bord med marin stemning, med sterke fargar og bling, og innimellom var det drypp av solgult, men ikkje ei einaste utstilling med roser og romantikk, eller nokre av dei fine korgene eg hadde sett i katalogen. Til slutt fann eg ei butikk-korg med fleecepledd der det stod "Kupp, 39,90", og oppi den var det mellom anna eit kvitt pledd med roser på. Hurra! tenkte eg, og tok det under armen. 4 blå brikker til kjøkkenet tok eg òg med meg, medan eg framleis leita etter alt det lekre eg hadde sett i katalogen heime. Innerst i butikken, framleis godt gøymde nedi pappkassane, såg eg glimt av nokre korger. Trass i at katalogen for lengst var havna ut i "de tusen hjem", så hadde altså ikkje damene klart å få varene på plass i butikken.


Litt småsnurt gjekk eg til kassa for å betale, og då vart humøret slett ikkje betre: Det fine teppet eg hadde funne var nemleg ikkje på tilbod - det hadde berre tilfeldigvis havna i samme korg som nokre andre tepper, og dei var på tilbod. Eg kunne sjølvsagt få kjøpe teppet til den originale prisen, 129,- men eg stod over. Utan ein einaste sommartekstil i posen reiste eg heimatt, men eg veit at eg lyt prøve att neste veke, i håp om at damene har fått ut både fingeren og varene. I mellomtida får eg drøyme meg vekk i katalogen.....

Ha ein god kveld, og tusen takk for koslege kommentarar!

(bileta idag er screenshots frå Kid si nettutgåve av den omtalte katalogen)

11 kommentarer:

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Sicken otur! Jag planlegger en tur inom Kid för att titta på gardiner, men kanske ska jag vänta ett par dagar så att jag får med mig lite av det nya... :-)

Ha det fint!

Jill, Hanne og Linda sa...

Eg er sikker på du finn det du leitar etter :-) Eg var ein tur innom plantasjen (av alle ting) og der hadde dei fått masse rosete romantisk dill og dall - så det dukkar nok opp overalt...

lukke til!

Rønnaug S. sa...

Joda. Det er visst ofte sånn. I katalogen ser det veldig så flott ut. I virkeligheten er det meste i en annen butikk...

Og velkommen på besøk en lørdag:)

Liv Elin sa...

Jeg har hørt flere som sier det samme - kanskje spes her på vestlandet , at det er ennå lite av den roamntiske landlige stilen de har fått/tatt(?) inn !
Håper bare det er snakk om forsinkelser , og at de får inn det romlemantiske stæsjet også etterhvert!

Håper neste Kid- tur blir litt mer vellykket ! ;)

Sjekk innom bloggen om du har lyst å være med på trekningen jeg skal ha ! ;)

klem fra meg i Husrom & Hjerterom

Nikoline sa...

Akkurat ja, som vanleg på Kid med andre ord...
Eg skulle ta turen i dag, syntes det var så masse fint i korg,men det kan eg altså spara meg! Irriterande når ein gler seg slik du gjorde i går,og ikkje finn det dei annonserar med!!
Då treffes me kanskje der inne neste veke,då..

Trollkåno sa...

Da va no synd.......no har eg nett teke føre meg katalogen igjen....og der står det:"Sommerenes nyheter og tilbehør kommer inn fra uke 19-22".
So det enno håp......
Dessutan: Utvalget vil variere fra butikk til butikk.
Hm....so har dei sitt på det "tørre".

Huset i skogen sa...

Det var det samme her også! Litt surt, men regner med at det kommer etterhvert. Skal iallefall ta en runde neste uke for å se:) Litt gøy med noe nytt.

Ha en fin dag!

Noralill sa...

Ja, kjenner til problemet...bale å ikkje finne det ein har gleda seg til...

Håpar det dukkar opp snart iallefall. Takk for koseleg helsing hjå meg!

Christel - Bakketun sa...

Jeg hadde samme bom tur på KID! Ble så irritert ovar at alt det jeg hadde sett meg ut ikke hadde kommet i butikken enda. Jeg spurte og fikk beskjed om at det kommer om ca 10-14 dager. Ble irritert og gikk uten å kjøpe noen ting jeg ;)

Annika sa...

Eg var innom kid tidlegare denne veka. Her hadde dei fått masse utedukar i rosete mønster, men eg var ikkje klar over brosjyra, for vi har ikkje reklame i posten.

No var eg innom nettbrosjyra å kika, å ser der var mykje spennande, så eg lyt ta meg ein tur igjen å kike om dei har fått pakka ut litt meir.

Håper dei også hos deg snart er ferdig å drikke kaffi, så dei får pakka ut alt;)

Ha ein kjekke kveld:)

HildeS. sa...

Så kjedeleg når slikt skjer, men det er ikkje akkurat nytt.
Det var sikkert ikkje deira smak, så då lot dei det ligge til slutt.
Håpar du finn det på neste tur.
Ha ei fin og god helg.
Smil H

Related Posts with Thumbnails