laurdag 30. mai 2009

Effektive dagar i heimen!

Etter gårsdagens mobilblogging kjem det vel ikkje som noko overrasking for nokon at me målar hus i helga. Me er så heldige at det finst eit stillas innan familien, som til alt overmål var ledig no når me ville igang med å måla huset igjen. Med det vèret som vart lova for langhelga fann eg og svigermor ut sist sundag at her var det berre å "køyra på".

Som sagt så gjort; Svigers hadde høve til å ta turen allereie igår, og dermed ordna Rosamannen seg fri. Stillaset kom opp på nokre timar, og så kunne me finna fram kostar, maling, og for Oda sin del - gamle utslitne regnkle. Ho ville sjølvsagt vere med på arbeidet, og haldt ut ei heil stund.


Då ho var ferdig hadde ho fått omtrent like mykje måling på hendene og kleda som på veggen, men ho var iallefall fornøyd med å ha fått bidra.
Med stillas i 3 høgder kjem ein ganske langt over bakken, og når ein står ytterst til venstre er det faktisk 8 meter ned. Eg hadde meg ein liten tur ut for å sjekke utsikta, men haldt meg ellers der eg skulle vere - med finarbeidet rundt vindaugene. Det er altså meg på bildet under, i mine herlege målarkle ;)

Det er ikkje så verst å måle hus når det er varmt og fint, ein er 3 stykker som kan stå i stillaset og ei som kan springe etter Hedvig på hennar mange små og store utflukter.


Med denne effektiviteten vart me ferdige med den største veggen idag, og ikveld har stillaset komme opp på nedsida av huset, der det ventar meir arbeid. Veggen på oppsida kjem me ikkje til å måle i denne omgang. Me er litt usikre på om kledninga må skiftast, om me skal flytta på dørar og vindauga osv, og det har ikkje nokon bråhast visuelt sett heller, for oppsida er det berre me (og eventuelle gjester på uteplassen) som ser.
Medan karane flytta stillas fekk eg (eller tok eg meg) forresten tid til å gå over uteplassen med terasserens. No står den der nyfjelga og fager, og ventar på eit strøk eller to av melkekvit flügger terassebeis. Leveggen der oppe har eg òg tenkt å måle, men det får eg kanskje venta med til huset har fått sitt...
Imorgon tek me fri, og legg turen til vener i Bergen - det tek seg ikkje så bra ut å stå med målearbeid 1. pinsedag, og litt tid skal ein jo òg ha til å berre nyta godvèret og ha det kjekt med ungane.
God pinse!

6 kommentarer:

(Smykke)Rosa sa...

Så fint huset blir :) Har rødt og har tenkt på å skifte til kvitt, men det hadde blitt noen strøk.. Så vi tar det neste gang heller ;)

Så du sydde klær til jenta di,er ikke mange som gjør nå tror jeg. Gjorde det selv da mine jenter var små, synes det var morro.
Er du fra Haus siden du har Hausbunad til de? Er fin den. Har en del slekt der også jeg da..

Må du og dine ha en fin pinse og en nydelig sommer:)

Linda sa...

Jamment er de effektive! Huset blir kjempeflott!!

Nyt fridagen!!

Annika sa...

Så kjekt når ein får gjort så mykje - det blei kjempefint iallfall:) Kan tenke meg det var skjønt å ha det gjort!

Fortsatt god pinse:)

Noralill sa...

Så utruleg fint det vart! Alltid kjekt å få gjort ting, bale med alt som "står på vent"... her er me i full gang med å skrape og male garasjen/uthuset...gler meg til det er ferdig...

Så kjekt når eldstejenta får vera med å ta i eit tak..alltid stas å få hjelpa til.

Ha ei fin pinsehelg vidare!

Trollkåno sa...

Her var det effektivt, ja.....med "alle mann" i arbeid.
Resultatet vert supert!
Ha ein god (male-)dag i morgon!

rod i hob sa...

Så flott huset blir :-)

Eg har våre veldig lite i blogg verden den siste tida dessverre, men no har eg iallefall fått oppdatert meg på det som har skjedd hos deg! Mykje kjekt, å mange flotte bilder!!

Likte spesiellt godt dei frå 24, mai med rosa kjole og resten i svart/kvitt... Koss får du det til??

Håper at du hadde en suuuuper pinse, sjølv om dåkke jobba masse! Eg har fri denne veka, men det blir ingen lat ferie kan eg lova deg!! I mårå ska me ut å sjå på golvbelegg til badet :-)

God veke i vente!!

Related Posts with Thumbnails