måndag 4. mai 2009

Blogge eller ikkje blogge..

Det er 12 dagar sidan sist innlegg i det rosa universet. Kva er det som skjer?? Kvar vart det av den ekstra energien våren skulle bringe med seg? Kveldane vert ljosare, dagane lengre, og alt som skjer er at ein vert trøytt og slapp og giddalaus? Når ungane er lagt, og det aller aller mest nødvendige er gjort i huset, då sig ein ned i ein stol, og det einaste som som duger er hekletøyet. Eg håpar sterkt at det er forbigåande, for det er ikkje særleg underhaldande!



Denne fyrste helga i mai har me hatt ein 20 m3 containar utanfor huset vårt. Det har vore planlagt i godt og vel eit halvt år, heilt sidan me skifta kledning ifjor haust. Men så kom vinteren og tok oss. Ikkje at vinteren hadde så mykje snø med seg, men...... Me gav oss sjølve deadline til 17. mai. Då går bygda sitt folketog forbi huset vårt, og sjølv om heile bygda sjølvsagt har sett dei skjemmande haugane med kledning og isolasjon i eit halvt år, så er det noko spesielt med nasjonaldagen. Med 2 veker att, og ei langhelg å ta av, så var det berre å hiva seg på telefonen til containerutleige-firma i distriktet. Containaren vart levert torsdag, og ekstra ryddemannskap fekk me òg med oss, både torsdag kveld og i helga. Det hjalp godt! Me fekk vekk alle haugane, tømt ein kjellar, og ein del i uthuset. Det som ligg att ute skal sagast opp til ved, og forhåpentlegvis gje litt varme neste vinter.

Containeren vart full, og endå er det igrunn meir å ta av i det rikhaldige uthuset. Det får verte ein annan gong. Eg ser ikkje vekk ifrå at me kjem til å trenge fleire containarar i oppussings-prosessen. Dvs. å kalle det prosess er kanskje å ta vel hardt i. Me har innsett at med våren er det utandørs oppgåver som krever det me oppdriv av tid og arbeidslyst, så innandørs prosjekt som gang og stove får nok fint vente til sola har snudd igjen. Om ikkje rosamannen skal ha ein sabla lang ferie då ;)



No håpar eg at eg skal få oppdatert meg i bloggverda igjen. Eg har knapt sett innom ein einaste blogg på 2 veker, og kjenner at eg saknar kontakten med kjekke og flinke bloggarar rundt om. Tankane om å ikkje skrive eit nytt innlegg har vorte lagt på hylla for denne gong. Det krevest overskudd til å blogge, men når ein fyrst finn det, så gjev det jo overskudd òg

God kveld, og god veke!

9 kommentarer:

Henriette sa...

Det var jammen godt å sjå at du var her enno:) Byrja å verta bekymra;) Ser jo at de har hatt det tarvelt, og av og til treng ein pause, til og med frå bloggverda;)

Ha ei god natt.
Klem:0)

Henriette sa...

Tarvelt ja....Legg skulda på tida på døgnet;) Slik går det når ein har det for TRAVELT, hi,hi;)

Emmeline sa...

Fornuftige tanker som alltid fra Rosa heimen. Min erfaring er at jeg etter en down periode plutselig får ny energi på en sånn måte at bloggeinnleggene står i kø....
Det er som enkelte sier bare sunt å hvile seg litt fra bloggingen innimellom:)

Jeg må jo bare si at jeg faktisk ble veldig inspirert av Containerbildene her også. Så kjekt å se at det skjer noe hos andre. Her i huset har mannen plutselig begynt å bygge en utebod. Det skjedde helt uten forvarsel faktisk. Jeg mener at jeg så noen skisser på et kaffefilter i går... og i dag...før regnet kom var han i gang. MYSTISK....
Helt til jeg tok meg en tur i nabolaget. Tror du ikke tre av våre nærmeste naboer holder på å bygge seg utebod???? Du snakker meg om!!

Er så enig med deg med at det hadde vært balsam for sjelen å være i et kolonihagedukkehus. Helt alene i noen dager. Jepp....Det vil vi!

Patina-H sa...

Heisan !
Lysten går vel opp og ned her i livet, og etter periodar med mykje jobbing er det godt å berre kopla av litt. Slik er det med alle, trur eg.
Verte fint rundt huset no :)
Lykke til vidare med prosjekt !

igi sa...

Lenge siden vi har hørt noe fra deg! Lurte på om jeg skulle etterlyse deg... Lysten til å blogge går nok opp og ned.... Jeg håper iallefall at du fortsetter!

Rønnaug S. sa...

Skal si den konteineren fikk mat. Ikke rart du ikke har tid til å stikke innom bloggen med sånne prosjekter. Og så veit jeg jo at dere har en del andre prosjekter på gang også... Sånn er det bare i dette livet.

See you!

Liv Elin sa...

Sikkert godt å bli kvitt litt rusk og rask utenfor - og lage det litt koselig til 17 mai!
>Ellers kjenner jeg godt til bloggetørken og tiltakslysten for er fraværende om kveldene gitt....menmen , det er jo en tid for alt - man trenger jo også å hente seg inn og lade opp innimellom !
Tusen takk for koselig kommentar ang kjolen til vesla - gleder meg til å se hva du skal sy fremover ! :)
Ellers blir det snart jubileumskonkurranse hos meg iløpet av de nermeste dagene - så følg med ! ;)

Ha en flott kveld !
Hilsen fra L i Husrom & Hjerterom

Nikoline sa...

Det går litt opp og ned her i livet (og i bloggelivet), og eg forstår godt tankane dine... men jammen er det kjekt og inspirerande å vera mer i bloggeverden,då!
Me får ta det som det passar har eg funne ut,og med tida som står for døra no vert det nok mindre og mindre tid til blogging... no er det utelivet som tel.
Tenk kor kjekt det er her i lange,mørke haustkveldar..!
Håpar eg ser eit innlegg i dann og vann hjå deg,alltid kjekt å koma på besøk her...
Ha ein god dag i regnet...

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så mye jobb ni fått gjort. Härligt! Energin kommer nog igen, det brukar den göra, det gäller bara att vara tålmodig. :-)

Ha det fint!

Related Posts with Thumbnails