søndag 24. mai 2009

Arvekjolar, loppis og litt

I rosaheimen er det storesyster som er mest rosa av alle. Ho rett og slett elskar rosa, og kunne utan problem hatt berre rosa plagg. Me har klart å snike inn litt andre fargar òg, men eg trur ikkje det er mange dagar ho er "rosa-fri". Sist me var hjå svigers var difor gleda stor då bestemora kom med heile 3 rosa kjolar til den vesle prinsessa vår.

Denne her er det ei tante som har brukt, og storesyster hadde den på seg igår då me var på aktivitetsdag og loppis i nabobygda. Ein av aktivitetane var kortverkstad, og ho fekk laga seg eit kort - som sjølvsagt var rosa :)

Vetlesyster anar me er eit litt anna kaliber. Ho syns det er kjempestas med bilar og traktorar, og ho er så vill og galen som storesystra aldri har vore! Iallefall, på loppisen fann me ein trø-traktor til ein 50-lapp, etter at den vesle snuppa haldt på å gå laus på ein stakkars gut som hadde vore så frimodig å ta med seg sin eigen traktor på aktivitetsdagen.

Storesyster fekk to andre kjolar òg hjå bestemora, og begge desse var omsydd frå konfirmantkjolen ho sjølv hadde på slutten av 60-talet. Den var veldig rosa, med kvite prikkar. Med andre ord - heilt "in" i dag. Ekstra stas er det at den snille Oldemora til jentene har sydd dei to kjolane. Den eine ser du på bildet over, den andre har ho ikkje prøvd endå, men den har kvitt liv med litt krage, og er knallfin!!
Til slutt eit bilde frå Oda sin utflukt opp på den høgaste bakketoppen heime på garden til foreldra mine. Ho sprang som ei fjellgeit opp bakken - 3 gongar på rappen! Der oppe følte ho seg verkeleg "on top of the world".


Ikveld har eg starta på noko som eg håpar vil verte ein ny og kjekk hobby. Eg håpar å få gjort det fyrste prosjektet ferdig imorgon kveld, og då har eg plutseleg stoff til eit nytt blogginnlegg.

Imellomtida - ha ei god ny veke i vente, og viss akurat DU legg att ein kommentar hjå meg, så kan eg kanskje få sjå nokon få av dei nesten hundre som er innom bloggen min. Besøkstal er kjekt, men kommentarar er reinspikka næring til bloggelyst ;)

nattinatt!

10 kommentarer:

Patina-H sa...

Så kjempefine kjolar !! På ei fin jenta, sjølvsagt ;) Veldig kjekt å arve slikt.
Og loppis skulle eg jo gjerne vore på, som alltid :)
Ha ei fin veke !

Annika sa...

No er eg kjempenysgjerring på din nye hobby;)

Kjolane var nydleg, men eg held med veslesøster som likar traktor og bilar;) Nei, det er godt me jenter er ulike!

Ynskjer dokke ei flotte veke:)

Hanne sa...

Jeg viser meg fram i all min prakt - her er jeg! Jeg blir også veldig nysgjerrig på hvem de er, alle bloggjestene som ikke setter spor etter seg.
Det beste med kommentarer i bloggen er likevel at nye navn åpner nye blogger, som igjen leder til nye blogger. osv.
Fine kjolebilder. Jeg har forresten også arvekjole på meg i dag. Den sydde mamma til seg selv da jeg var lita. Den er skarp kongeblå med knallrøde prikker. Et relativt oppsiktsvekkende plagg som "alle" kommenterer. :-) Men den er fin. Det er så kaldt hos oss at jeg måtte spe på med strømpebukse. "Lipstick red" stod det på eska da jeg pakket den ut. Du kan tenke deg...? Er det mandag så er det mandag, sier nå jeg!
Ha en fin, fin dag!
Pludrehanneklem

BESTEMOR sa...

Får jeg lov å komme med en liten anmerkning til årstall. Jeg er nå riktignok opp i årene, men var konfirmert i 1971 da var jeg 14 år. Ble konfirmert 1 år for tidlig pga at vi var 2 klasser sammen. Men nydelige er jentene våre både med og uten kjoler.

Henriette sa...

Så fine kjolar:0) Det er stas med arveklær. Eg hugsar at eg fekk posar med klær hos ein tremennig då eg var lita, og det var reine julafta og ta fram alle dei fine plagga:0)

No er eg kjempespent på det nye prosjektet ditt. Vert spanande å sjå;)

Klem:0)

Rosa sa...

Bestemor: lurte på om eg skulle skrive 60/70, men tok ein råsjangs :p. Skal ikkje skryte på deg fleire år her :)

Anna Lisa sa...

Heisann!!
Tusen takk for gode og trøstande ord til meg på bloggen min. Dei er gode å få.
Tusen takk!!!

Fine jentene dine er :) Så sjønne!!
Ha en fin dag!
Klem

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så fina kjoler! Rosa är en härlig färg.

Hoppas du har en riktigt fin tisdag!

ingridmarie sa...

So flotte kjolar-og traktor!! Ekstra stas når det er kjolar som har gått i generasjonsarv :) Eg måtte sjekke lappen igjen, men eg betalte vitterleg kun 79 for strandmadrassa på KID på Flåten Senter på Os-og dei hadde ei heil korg full av dei-Kanskje du kunne ringt dei og bestillt? Det veit eg systra mi har gjort før... Nydeleg bloggbakgrunn du har valgt-sommarfuglar er berre so vakre! Varm helsing frå Ingrid Marie

ingridmarie sa...

Ja-gløymte det i farten-støvlane eg voste er i vaksen storleik og dei kosta 279 på KappAhl på Lagunen .. Ha ei flott veke vidare-vi slepp iallefall vatna ute!

Related Posts with Thumbnails