laurdag 16. mai 2009

Alt klart? - ta med deg ein song på vegen!

Så er det ein ny "dagen før dagen". Dei siste dagane har mange av oss gjeve huset ein ekstra nøye omgang med vaskefilla, og strykejernet har bokstaveleg talt gått varmt hjå dei fleste. Barnehagar og skular har øvd på hurrarop og teikna plakatar, kanskje tilogmed førebudd litt underhaldning til lokale nasjonaldagsfeiringar?

Omtrent slik er det her i huset òg. Berre at det meste av dette har skjedd idag. Rosamannen har svinga svaberen i militær stil, så golva skin. Skjorter og forkle er strokne, og flagg, sløyfer og trompetar ligg klare til bruk. Eg har tilogmed henta inn litt bjørk og hegg som står og spreier vårlukt i stova.


Idag kom me heim frå svigers, der Oda har fått tilpassa bunaden som tantene har brukt før ho. Ho vert nydeleg! Det einaste som ikkje er klart, er jenta sjølv. Ho vart nemleg innhenta av omgangssjuka i natt, og har låge langflat på sofaen i heile dag. Feberen er på retur, så me er veldig spente på kva morgondagen bringer. Både eg og rosamannen skal i utgangspunktet spela ganske mykje, men om snuppa vår er ute av drift, så kan jo ikkje akurat tilbringda dagen åleine.

I vekesvis har ho gledd seg til barnehagen skal stå på scena i grendahuset, og mellom anna framføra "17.mai-songen".( Det er den me andre kallar "Ja, vi elsker".) Denne veka har dei laga sine eigne flagg, og rytmeinstrument med dagsaktuelle fargar. Kvar dag har me fått høyra både hurrarop og song, og ein dag klarte eg å fanga det heile med kompaktkameraet. Med det ynskjer eg alle ein strålande nasjonaldag, og kryssar fingrar for at me får det samme :)

video


Hipp Hipp Hipp!


(Og heia Alexander!)

3 kommentarer:

MOLLY sa...

GRATULERER MED DAGEN!!!!
Molly hilsen fra skogen:)

Nikoline sa...

Då håpar eg det gjekk greit med nasjonaldagen og at alt "fungerte" att då morgonen rann i dag.. huff a meg... stakkars jente!
God 17.mai-kveld til heile familien:0)

Noralill sa...

Gratulera med dagen! Og for ei skjønn framføring av nasjonalsongen! Ho er berre heilt herleg den jenta di...

Håpar alle var friske og alt fekk gå som planlagt i dag...

Related Posts with Thumbnails