søndag 17. mai 2009

17. mai with a twist



Tillukka med dagen, kjære bloggvener! Håpar alle har hatt ein god nasjonaldag! Etter NRK sine rapportar å døme har det meste av landet hatt godt 17.mai-vèr idag, og det er alltid kjekt. Det er så mykje kjekkare å vera nasjonalromantisk når sola skin frå blå himmel mot bunadar, vårgrøne bakkar, strålande barneandlet og blide vaksne. Trass litt usikre varsel har me hatt ein strålande dag her vest. Det einaste å klaga på måtte vera vinden som til tider prøvde å ta med seg både flagg og bunadar til vers.
Me var litt usikre på kva dagen ville bringa, sidan Oda som før nevnt har vore sjuk. Dagen starta trått, med både ho og rosamannen i slett form. Dermed var det for mor å sele på finstasen åleine, og ta fatt på dagens speling. Midtvegs bytta eg med ein febervarm mann, og då eg kom heim sov Oda godt på sofaen. Den luren må ha gjort underverk, for då ho vakna og det var tid for å kle på bunaden var formen merkbart betre. Me fekk faktisk med oss både folketog med hurra-rop, og bygdasamling i grendahuset. Oda fekk vera med å syngja, og ho hadde endåtil krefter til å springa i potetløpet. Ho var så fin i Hausbunaden sin, og me fekk fleire kommentarar på at det var kjekt å sjå anna enn Vossabunad på dei små. Hedvig var òg nydeleg i sin matroskjole, som ho har fått brukt altor lite fram til no. Vel heime var mine 3 kjære i seng innan 3 kvarter (Rosamannen med feber, vond hals og tette kanalar), og eg har hatt heile kvelden for meg sjølv.
Mammo mi kom på døra med heimalaga potetsalat - noko av det aller aller beste eg veit - og om nokon sa eg var bortskjemt ville eg ikkje ha krangla, akurat ikveld. No har eg kost meg med den nydelege potetsalaten, jordbær og ein sup raudvin, og det er utan tvil leggetid. I den stille stova mi har eg sote og duppa med hovudet som ei anna bestemor (ikkje til forkleinelse for bestemødre, altså!), og imorgon er det faktisk mandag igjen! Ein litt anleis 17. mai enn me er vande med, men eg er utruleg glad for at Odamor orka ut av huset - det var igrunn verdt heile dagen



Med nokre bilder av blomebuketten eg fekk hjå pappen min, saman med 17. mai-maten min frå ikveld, seier eg takk for idag.
Hurra for 17. mai! :)

5 kommentarer:

Trollkåno sa...

Flotte bilder!!!!
So bra at Oda kvikna til sopass at ho fekk med seg ein del av dagen.

mali-mo sa...

Ser ut som dere hadde en koselig 17 mai tross alt ;) Så kjekt at hun kom se.

17 mai er virkelig en jubeldag for barna, det har gått op for meg hvor "stort" det er nå i år. Lillemalien stod opp kl 6 og stod i sengen vår og hoppet mens hun ropte at vi måtte "kle på oss fineste klærne for kongen og dronningen og lille prinsessen og 17 mai". PUH! Hvor i all verden tar de det fra?

Og imorgen må jeg lage hjemmelaget potetsalat. Mmmm, det så fristende ut da!

ingridmarie sa...

So godt at 17.mai vart ein bra dag alt i alt, trass sjukdom hjå små og stor. Herlig 17.mai mat-mmm spekemat og heimelaga potetsalat såg berre veldig godt ut! Her i huset vart det spekemat og rømmegraut på menyen i år :) God bedring & Varm helsing frå IngridMarie

Linda sa...

Herlig rapport frå den store dagen! flott Oda kvikkna til litt!

Her kom postmannen med to nøster rubin, sjokolade (yiiiiha!!!) og moussaka!
Tusen takk!!! skal strikke ferdig ein kjole til Gwen so skal eg få ferdig teppet i superfart i tilfelle SkinloSharp finn på å komme ut, hihi

Du er en engel!! *klemme i massevis*

Anna Lisa sa...

Hei!!
Lenge siden eg har vore innom nå.
Bra dokke hadde ein fin 17 mai. Koselige bilder og nydelige blomster.
Ha ei fin langhelg
klem

Related Posts with Thumbnails