onsdag 15. april 2009

***trommevirvel***

Rosamannen har vore trekkesjef, eh nei - general (han har alltid hatt ein draum om å vere general, og sidan eg ikkje laga eit eige bursdagsinnlegg til han, så får han heller få den æra, då ;) )

.....and the winner is: Annika! Send meg adressa di på mail, så skal eg sende ei overrasking i posten ;)

Ikkje nok med det - eg har vunne sjølv òg. Hjå Henriette, med To hus tett i tett. No gler eg meg til å få boosta husmor-genet mitt med to gode mikrofiberklutar.

Etter ei roleg påskeveke skal det aller meste skje denne veka. Bursdagar, øvingar, skidag, småbarnstrim, og alt føregår i strålande herlegt vårvèr. Deilig!

Tudelu!

2 kommentarer:

Annika sa...

Dette var overraskande du! Har sendt deg mail:)

Tusen, tusen takk! Eg må innrømme eg er ganske spent no!

PS. No ligg faktisk påskebilda våre ute - det vart litt "overtid" her foran pcen;)

God natt!

Nikoline sa...

Nei,søren og! Den feiringa skulle EG vera med på også... og så har eg klart å gløyma det vekk!! Ikkje at eg har vinnarlukka å skryta av,men om ein ikkje deltek kan ein i alle fall IKKJE vinna noko!Håpar det byr seg ein ny sjangse seinare...
Det høyres så koseleg ut med hyllepapir... og passar så absolutt inn med det gamle skåpet,ja!
Ha ein fin vårkveld:0)

Related Posts with Thumbnails