søndag 12. april 2009

Tja.. 300 innlegg er vel verdt ei feiring?

Eg har til no ikkje hatt feiringar av noko slag i bloggen min, så no syns eg det er på tide. Ifylgje mine berekningar skal dette vere innlegg nr 300 (dvs - iflg blogspot sine berekningar, eg har ikkje tald!)


Eg registrerer ganske ofte opp mot 100 besøkjande på ein dag, men det er ikkje så mange som legg att spor etter seg.

Det går med dette difor ut ei oppfordring til deg som er innom, med eller utan blogg, om å legga att eit spor (og gjerne fortsetje med det!), innan onsdag 15. april kl 23.59 ;)
Torsdag føretek eg trekkinga av ein foreløpig ukjend premie til ein heldig vinnar.




Idag har me vore i middagsbesøk hjå foreldra mine, og det er alltid kjekt å samlast alle saman. 10 syskjenborn frå 13 til 1 1/2 har hatt det kjekt ilag, og det er ei stor rikdom! Så får det heller tålast at Odamor vert såra og vonbroten når ho skjønar at alt det kjekke må ha ein ende. Det går heldigvis forholdsvis fort over.


Imorgon har me invitert foreldra våre på lunch, då rosamannen fyller 29 år på tysdag, men er bortreist på dagen. Dermed går store delar av føremiddagen med til å lage mat og rydde huset.
Nyt siste rest av påska!

(Bileta idag er frå nettbutikken hardwarestore.com, som mellom anna fører masse nydelege skuffe-/hyllepapir. Mogleg det vert litt netthandel på meg snart!)

11 kommentarer:

Trollkåno sa...

Feiring, sa du????
Trekking????
Åja, då er eg med..!!!!
Gratulera med 300 innlegg, foresten!!

Merethe Kristin sa...

Premie? spanande! Ser fram til besøket i morgon :D

Linda sa...

Gratulerer so mykje med 300!!! *klappe* eg er dårleg på å legge igjen spor, og lovar stadig bot og bedring... hehe... jaaa eg skal bli flinkare!!

Frøken Englefjes sa...

Så gøy med så mange lesere da, Gratulerer!

Nå er det tilbake til hverdagen og ingen fråtsing av snop og bakverk...hvertfall for min del;)

Rønnaug S. sa...

Spor skal bli. Du har virkelig produsert masse.

Vi er kommet tilbake fra stølen. Nesten trist å reise derfra, nå som det er så reint og fint og ryddig og ikke minst fantastisk nydelig vær. Seer deg i morgen! Klem!!

I eit hus i ein dal sa...

Kjempeanledning!
Du har jammen vore flink:)
Må nok innrømma at eg er av den sorten som kosar meg og les utan å leggja att så mykje som ein pip:(
Du burde jo eigentleg FÅTT premie du for alle dei fantastisk kjekke kommentarane dine:)

Ingrid sa...

Feiring er alltid kjekt så det er vi med på!!!

Annika sa...

Gratulerer med innlegg nr 300! Alltid like kosleg å titte innom bloggen din.

Håper de har hatt ei god påske:) Og gratulere med dagen til Rosamannen!!

igi sa...

Gratulerer med 300 innlegg! Imponerende!

Jeg vil selvfølgelig være med på trekninga!

Henriette sa...

Gratulerar med 300 innlegg!!!! Feiring er eg med på vettu:)

SÅ kan eg gratulera deg som VINNAR av mi jubileumstrekking!!!!!! Gratulera som eigar av to fantastiske mikrofiberklutar frå Norwex:) Send meg adressa di på henrieta@online.no så kjem dei i posten snart.

Klem Henriette

Therese sa...

hei du, og gratulera så møkje!

Eg e vel ein av dei "usynlige kikkerene" dine som aldri før nå har lagt igjen et spor ;)

E veldi gla i bloggen din, du skrive bra og fengande med spennande tema:) Keep up the good work!

Related Posts with Thumbnails