torsdag 16. april 2009

Polkadot-sko

Det er noko med damer og sko. Nokon damer samlar faktisk på sko, og eg har høyrt om dei som har eigne rom til galskapen. Både to- og tresifra antal par er, om ikkje vanleg, så iallefall mogleg. Nokon har kanskje eit par sko pr antrekk - kanskje tilogmed fleire? Berre så det er sagt - eg tenkjer ikkje ein vond tanke om desse damene. Det er berre det at eg aldri har skjønt det. Ein kan dra paralellen til menn og bilar; No er det sjølvsagt litt vanskelegare å samle på bilar, av naturlege årsaker. Men nokre menn lever og andar for bilar. Nokon skiftar bil oftare enn andre skiftar dekk. Andre menn (og kanskje flest damer?) ser på bilen som eit hjelpemiddel for å komma seg frå A til B. Enkelte preferansar har ein jo, men ikkje slik at all tankeverksemd spinn rundt dette temaet.
Omtrent slik er det med meg - både når det gjeld bilar, og når det gjeld sko. Det er noko eg må ha, og eg har ei viss formeining om korleis dei skal vere. Men, eg treng nok ikkje alle fingrane mine for å rekne etter kor mange par sko eg har. Eitt til vinterbruk, eitt til finstasen, heile TO par støvlettar som kan brukast i mange ulike høve....men inntil igår hadde eg ikkje eit fungerande par småsko til å bruka no som det er vår i lufta. Det var ingen veg utanom - eg måtte på sko-handel!
I Voss sentrum ligg det fleire skobutikkar som høyrer til i ulike kjeder. Eg var innom ein av dei, men dei få skoa eg faktisk likte låg altfor høgt i pris! Dermed havna eg der eg alltid gjer: på den vesle overfyllte skobutikken som står heilt på eigne bein (hihi). Der er nesten ikkje golvplass, og alle hyller bugnar av sko i eit einaste virrvarr. Trass dette finn eg alltid sko her, enten det er eg eller ungane som treng noko nytt (Mannen lyt faktisk kjøpe sine eigne sko!). Og det beste av alt er at dei ligg alltid ganske langt under dei andre butikkane i pris. Jaudå, av og til sler den økonomiske sansen inn, om enn i korte stunder ;)
Eg fann eit par eg likte, til ein ok pris, men i feil størrelse. Dama måtte ut på lageret for å sjå etter riktig størrelse, og plutseleg såg eg dei: Polkadot-skoa! Eg falt for dei med ein gong, og berre måtte prøva dei medan eg likevel stod der og venta. Dei sat som eit skudd! No i vår er det visst svart/kvitt som er moten, og eg følte meg riktig motebevisst der eg stod med svarte og kvite polkadot-sko. Eg innsåg straks at sjølv om dei var kule så er det ikkje sko som passar til kva som helst. Dermed tok eg ein Ole Brum: "Ja takk, begge deler", og følte meg ein augneblink som ei sko-dame. Og berre for å ha sagt det - sjølv med TO par sko i posen kom eg billegare ut av det enn om eg hadde kjøpt eit par sko på den fyrste butikken. SÅ kule syns eg dei nye skorne var, at dei måtte få eit heilt eige innlegg i bloggen.....
Imorgon er det fredag igjen, og me jentene har som vanleg fri. Dagen skal forhåpentlegvis nyttast i sol og varme, med innslag av ein ørliten tur for å hente dekk til bilen. Den måtte òg ha seg nye sommarsko :)

9 kommentarer:

Trollkåno sa...

Kjempefine sko du har kjøpt!!!

Nikoline sa...

God mor`n!
Kjenner meg godt att i beskrivelsen her (og kjenner att butikken også....),sko er noko ein må ha,ferdig med det.Mor mi hadde skomani,trur det kom av at ho brukte str.35 og måtte kjøpa barnesko heilt til ho var "godt vaksen" før det kom meir vaksne sko i så små str. Og då gjekk ho nesten berserk...
Du hadde kjøpt deg eit par nydelege i alle fall! Eg har hatt blå med kvite prikkar (arva etter dotter) som eg har brukt på sommaren,men no er dei rakande utslitne.
Ha ei strålande helg!

rod i hob sa...

Hei!
Godt å væra tilbake og :-)
Har våre ei tøff tid, men nå begynne ting å stabilisera seg igjen! Så søte sko du hadde kjøpt deg :-) Såg så små ut at eg lurte litt på om dei var til ei av jentene ;-) Men du har sikkert sånne små søte føte :-)

Nyt fridagen din!! Eg ska vaska hus, mulig at kjøkkenet blir klar for fotografering, å at det kan komma ut på bloggen seinare i dag??

Nyt dagen iallefall :-)

Liv Elin sa...

åh - kjempemorsomme sko !!! (du tror ikke de hadde flere par igjen vel ? ;)
Hihi - måtte flire litt da du beskrev butikken du hadde vært innom ! Jeg har selv vært på sko-jakt i Voss , og det var ikek vanskelig å "kjenne igjen " butikken ! ;)
Oppover årene er jeg nok blitt en litt sånn samle-sko-dame ...men som deg , så er det sjeldent dyre kjøp! ;)

Takk ellers for hyggelig hilsen i forrige innlegg !
Håper du får en flott helg i polkadott skoa dine !
klem

Frøken Englefjes sa...

Så kule! Hadde passet meg perfekt i og med at jeg alltid ender opp med svarte og hvite klær!

Kos deg med 2 par sko, det har du helt sikkert fortjent;)

igi sa...

Fine sko og fin historie! Du skriver veldig bra! Ha en fin helg!

Ellinor sa...

Kjempefin blogg. Koseleg å lese det du skriv. Skoa var kjempefine, kunne godt tenkja meg dei så eg får kanskje ta meg ein tur til Voss på skokjøp!!
Helsing Ellinor

Rønnaug S. sa...

Knall fine er de, men du glemte jo å vise oss sålene. Scalloped kant!! Helt fantastisk!!!

(Smykke)Rosa sa...

Så fine sko:) Har litt skodilla på sommersko, og har mye rart, finner mye i den butikken ja. Er så og si den eneste butikken jeg kommer til nå for egen del. Men der er de hjelpsomme, og med litt av hvert og overalt:)
Blir fine til svart eller hvit kjole disse, må nesten ha sånn femtitalls kjole til, det hadde vert fint:)

Related Posts with Thumbnails