onsdag 8. april 2009

Påskeshopping

Eg og jentene hadde fri igår, og når me visste at mammo skulle på tannlegetur var me ikkje sein om å tilby ho selskap på vegen. Eg hadde ingen konkrete planar for turen, men enda opp med litt "snop" likevel. Etter ein dramatisk start på runden inne på "Farmors hus"(Oda tok i døra på eit vitrineskap, som gjekk igjen med eit smell, og dermed var både ho og eg sikker på at noko var knust. Heldigvis gjekk det bra, men jenta fekk sjokk, og var utrøysteleg så lenge me var i den butikken), var me innom alle interiørbutikkane der i senteret, i tillegg til IKEA, Stoff og Stil og Plantasjen. Fordelen med å ha jentene med seg på shopping er at eg ikkje får så god tid til å studere alt det lekre som er å finne i butikkane, og dermed vert det langt billegare enn om eg og mamma hadde reist åleine :)

Sjølv om me var inne på 3-4 interiørbutikkar var det altså på plantasjen eg tok med meg litt gult og grønt. Eit kult fuglehus, ein kylling og eit egg. Og hjå mammo fekk eg nydelege gule tulipanar. Koppen som er innfelt på bildet har Oda dekorert i barnehagen, og eg er av den typen som syns slikt eg både fint og sjarmerande! Det vart forresten eit pledd på Stoff og Stil òg, men det skal heller få vere med ein annan gong, når eg har ei stove som er meir verd å vise fram. No er huset rydda og vaska, me har handla mat og godis, spreidd litt gult i huset, og i år skal me tilogmed prøva å fylgja med på ein påskekrim..




4 kommentarer:

Trollkåno sa...

So fin påskepynt!
Angra litt på at eg ikkje kjøpte eit slikt fuglehus.....
fin den koppen Oda har pynta.

Noralill sa...

Så kjekt å få seg ein shoppingtur rett før påske! nydelege tulipanar og eit stilig fuglehus, koppen var berre skjønn!

Kod påske til deg og dine!

Nikoline sa...

Åhh... de hadde ein superdag de lux ser eg! (og likevel hugsa på å få med eit mønster heim til meg...!)Eg vert som regel så "forvirra i hove" når eg ser så masse fint på ein gong at eg klarar ikkje handla noko som helst,og det kan vel også av og til vera ein fordel....
Likte knallgodt det fuglehuset du kjøpte,og koppen til Oda var nydeleg! Sjølvsagt må me ha litt gult til påske,det høyrer med!Tulipanar er nydeleg uansett fargar,men ekstra fint med gule no til påske.
Ynskjer deg og fam.ein riktig GOD PÅSKE!

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Heisan ! Koselig med en shoppingdag! Ønsker deg og dine en God Påske.
Klem

Related Posts with Thumbnails