onsdag 1. april 2009

Paranoid!



Idag er DEN dagen - luredagen. Oda hadde tydeleg lært om dette i barnehagen tidleg i veka, og har gledd seg til ho skulle lure mor. Allereie igår måtte ho øve seg litt. Heilt uskuldig luring som "mamma, du er blå på ryggen" ettefylgd av kneggande latter og "apriiiiiil". Mor smiler og er med på moroa. Enkelte lure-forsøk med mykje meir alvorlege ting måtte eg forklare at ikkje fekk vere ein del av aprilsnarr-moroa - ting som nokon blir lei seg av....

Med det samme me slo opp augene idag tidleg (etter at ho hadde klaga litt for at eg vekka ho så tidleg!), kom ho fram til at idag var det endeleg april! Det er ikkje mykje som skal til for å glede ein fireåring, jenta begynte å fnise, og komme med meir og mindre sannsynlege påstandar i så rask rekkefylgje at ho ikkje rakk å skyte inn "aprilsnarr" mellom dei eingong.


Vel framme på jobb tok eg ein svipptur innom nrk.no for å setje på web-radio til arbeidet. Der såg eg saka om scanning av pc-ar i sikkerheitskontrollen på Gardermoen, og skvatt litt! Gløymt var heile april-dagen, og eg berre MÅTTE inn og lese om dei nye strenge rutinane. Tenkte med meg sjølv at kanskje ein skal late PC vere heime til sommaren når me skal ut og fly... "Trykk på knappen for å starte skanningen. NRK lagrer ikke informasjon fra brukernes PC-er i forbindelse med søket." stod det, og eg trykte sjølvsagt.

APRILSNARR!

Sjølvsagt var det aprilsnarr... klask i panna og stønn over min eigen naivitet! Etter det tok eg ein tur innom Molly, som erklærte at Molly's Heaven skulle ha nyopning. Hurra! tenkte eg, og kommenterte. Så las eg ein gong til, medan eg omsider hadde fått kaffi i koppen, og dei små grå på gli.....


Etter dette har eg berre trudd på halvparten av nyheitsoverskriftene i aviser, radio og tv. Eg syns det har bugna med aprilspøkar alle stader!! For på slike små-paranoide dagar er det faktisk ganske mange nyheiter som ein ikkje heilt veit om ein skal tru på. Sjølv midt i oktober kan ein av og til måtta stoppe opp og spyrje seg sjølv om nokon har bomma på datoen, men idag når den var her, då vart eg teken på senga.


Imorgon er siste kvardag før påskeferien for meg og jentene. Og den startar med noko så kosleg som påskefrukost i barnehagen til Oda!

6 kommentarer:

Anonym sa...

hihihiiii!
-N-

MOLLY sa...

Utrolig bra...hehehe!!! Likte spesielt den med å tro påhalvparten av overskriften...haha:)
KNALLKULE BILDER AV PRINSESSEN!!!!
Jaja, nå er nå pc'en din scannet!?!?!

Annika sa...

For nokre herlege bilder av Oda då! Eg klarte å holde meg frå å bli lurt i heile går, heilt til klokka var blitt litt for mykje - då klarte ei venninne å lure meg litt;)

Elles var der mange artige spøkar på nett i går, og nokre litt usmaklege kanskje...

Men no er eg egentlig glad for vi skriv 2. april, så slepp vi å vere slik på vakt;)

Kos dokke med påskefrukost - og nyt påska!!

Rønnaug S. sa...

Vanvittig! Og det vittigste er at jeg også gikk fem på og skjønte det ikke før NÅÅÅ!! Hørte det rett nok bare på radio, men likevel.

He, he, he... Dagens latter på formiddagen. Nå går jeg og drikker kaffe med gubbeluren min. Han har bursdag.

Nikoline sa...

Ho,ho,ho... jammen godt å høyra at det var andre som også gjekk 5 på... eg klarde det 2 gonger,til stor fornøyelse for andre..
Og så var det utruleg artige aprilsnarr-bilder i innlegget ditt! Fekk ein god latter av det også..
Kos deg :0)(siste kveld som gressenka?)

Henriette sa...

Klarte faktisk å unngå å verta lurt i går!!! Men så var eg rimeleg obs. Synes det er litt artig å gå på jakt etter Aprilspøken i dei ulike avisene;)

Kjempekoselege bilete av Oda:)

No tar eg påskeferie.
Håpar de får ein kjempeflott påske.
STOR påskeklem frå Henriette

Related Posts with Thumbnails