onsdag 22. april 2009

Pakke i posten, award og politibesøk i vente!

Mandag var eg på posten og fekk sendt ei pakke. Og då eg kom heim var det jammen komme ei pakke til meg òg. Eg var så heldig å vinne 10 000 besøkjande-trekkinga hjå Henriette med den koslege bloggen to hus tett i tett, og før eg fekk sukk for meg låg altså premien i postkassa mi. Hurra!

Som seg hør og bør for ein bloggar kunne eg ikkje opna den før eg hadde fått teke bilde av innpakkinga - med silkeband og ein aldeles nydeleg tag med koslege ord på.


Eg syns kanskje pakken var litt tung til å skulle innehalde to mikrofiberklutar, og ganske riktig; inni pakken, ilag med dei to klutane låg det endå ei pakke!

...og den pakken var full av godsaker. Henriette skreiv nemleg at når ein har vore flink til å bruka mikrofiberklutane, så fortener ein litt belønning. Eg har berre ein ting å sei: MMMmmmmm!

Tusen takk, Henriette! Du veit kva ei husmor treng ;)


Den neste hyggjelege overraskinga var ein award frå Igi. Awardar kjem og går i bylgjer i blogglandia, og no var det lenge sidan sist. Denne fine awarden fekk eg altså:

Tusen takk, Igi!

Måndag kveld skreiv eg ein klage til Statens Vegvesen om skilt-saka me fekk svar på fyrst i april. Me kan ikkje gje oss i fyrste motbakke! Idag ringte Hr. Statens vegvesen til Rosamannen. Han hadde fått mailen min og ville koma på ny synfaring. Måndag morgon kjem han antekeleg hit igjen - denne gongen saman med ein høg herre frå politiet som har ansvar for vegar og fartsgrenser. Det vert spanande! Eg har fått streng beskjed frå Rosamannen om å leggje vekk piggane mine og la han stå for det meste av praten dersom eg skal vere med på synfaringa. Eg kan ikkje skjøna kva han meiner med det? Ingen ville vel finne på å tru at eg har førehandsdømt Hr. Statens Vegvesen? ;)

3 kommentarer:

Nikoline sa...

Gratulera med både gevinst og utmerking!
Ja,det er berre om å gjera å halda ut (nett so stat og kommune gjer...) så ordnar det seg ofte til slutt.. Me var igjennom den mølla der me også når ungane var små,og jammen kom det opp skilt til slutt!!
Måtte flira litt av ein kommentar frå deg tidlegare... vestlending UTAN støvlar..?? Det trudde eg ikkje fanns!
Ha ein flott dag i sola (og i dag har ingen bruk for støvlar.. tjoho!)

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Hej Rosa! Tack för koselig hilsen. Hoppas att du har det riktigt bra nu när våren har kommit. Det verkar iallafall så på dina inlägg. Och så moro med presenter. Gott med godsaker!

Hoppas du får en riktigt fin helg!

Henriette sa...

No er seg såååå spent på kva Vegvesen mannen sa då han var på besøk! Håpar det vart eit litt meir positivt møte denne gongen:)

Pakken var deg vel unt;) Håpar han fall i smak hos resten av gjengen og:)

Klem:0)

Related Posts with Thumbnails