måndag 20. april 2009

Og mannen han gjekk seg i vedaskog!

og med seg dit fekk han tre jenter. Igår var nok ein nydeleg vårdag (me har vore so heldige å få litt av dei i det siste!), og me nytta høvet til å foreta ein sterkt tiltrengd aktivitet - vedhogst. Det vil seie, hogst og hogst - det meste foregår jo med motorsag.


Og for oss som fyrer i to ovnar heile vinteren i eit gammalt hus, så går det eindel ved. Å fange ved har lenge stått på "må gjerast"-lista, men som så ofte ventar ein til det er heilt nødvendig å få jobben gjort. No er det rett før skogen står heilt grøn, men eg håpar at med nokre gode dagar i skogen neste helg, så har me ved slik at me klarar oss neste vinter òg.

Medan far felte trea gjekk me jentene tur inn den trolske skogen. Oda var litt bekymra for at me ikkje skulle finna vegen tilbake, så me kunne ikkje gå så langt, men stemninga var der likevel.

Me sagar ved rett ved eit transformator-anlegg (heiter det det?), og der var det ein liten bygning med eit vifteutløp. Inni kroken, under vifta, fann me to løvetannar som allereie hadde kome med blomst. Ein skulle vel kanskje late dei stå, men skitt au - kven skulle sjå dei der inne i kroken? Og kva er vel meir sjarmerande enn små hender med små blomar?


Skiltet under er eigentleg ikkje noko å spøkje med, for det er faktisk historisk grunn me bevegar oss på her oppe. Det seiest at Olav den heilage tok denne vegen på si reise gjennom landet.

Men likevel - "kongeveg" er kanskje å ta hardt i? Slik som dette kjem det vel til å vere så ofte - Storesyster i full fart framover, og vetlesyster som heng på så godt ho kan..


Herlege timar vart det i skogen, med niste og saft, og med ein middagslur for Hedvig i vogna. Og vips, så var det ny veke med nye moglegheiter. Idag låg det ei pakke i postkassen min, men den får vente til neste innlegg.

God veke, kjende og ukjende vener! :)

3 kommentarer:

igi sa...

Hei! Ser ut som om dere har hatt en fin helg! Award til deg i bloggen min!

rod i hob sa...

Å så herlig!

Nydelig bilde med løvetann :-)

Kjekk dag i skogen! Me sku absolutt hatt meir ved i denne heimen og... Men trur ikkje det blir på den måten.... He he!

(He he -meir den måten me får/kjøper av noken som allerede har hogd...)

Henriette sa...

Så koseleg det ser ut som om de har hatt det. Det er slikt som vert gode barndomsminner i ei fjern framtid:0)

Ha ei flott veke.
Klem:0)

Related Posts with Thumbnails