fredag 10. april 2009

Fram og tilbake er like langt

Då me skulle laga nytt kjøkken slo me saman to rom, ei stor stove og eit bittelite kjøkken. Det gamle kjøkkenet hadde eit par overskap og ein gammal kjøkkenbenk. Alt måtte ut då me skulle rive golv og vegger, og overskapa tok bror min med seg til bruk i sitt eige kjøkken. Den gamle kjøkkendisken havna til slutt i uthuset, etter at me prøvde å gje den vekk til eit par stykker. Der har den gjort nytten som stablingsplass for diverse materialar i eit år eller to.


Sist veke hadde eg eit innlegg om ein gammal kjøpmannsdisk som me tok ut frå kjellaren. Rosamannen har sett litt på den, men det er desverre nokså store råteskadar i både rygg og rammer på den sida som har stått innerst i eit fuktig hjørna. Sidan Rosamannen idag har vore på jakt etter ein stablingsplass for ved, var han interessert i å få rydda litt plass i uthuset. Dermed kom den gamle kjøkkendisken på banen igjen.


Mor sjølv tok "metermålaren" og fann ut kor stor plass benken ville ta på kjøkkenet, og etter raske vurderingar vart det bestemt at kjøkkenbenken skulle få komma innatt i varmen. Og så skjer det merkverdige igjen; Som oftast er det TTT-regelen som gjeld her i huset (som så mange andre stader). Men av og til, då skjer ting før ein har fått sukk for seg. Og iløpet av ein halv time var berehjelpa tilkalla, og kjøkkenbenken hadde på nytt fått plass i eit kjøkken.


Berehjelpa var forøvrig slett ikkje imponert over denne gamle røkla som me skulle dra innomhus, men berre vent til mor har svinga malekosten! Plassert i uthuset såg den so og seie kvit ut, men i det ljose kjøkkenet kom den fryktinngytande gulfargen fram. Litt kule oransje detaljar, men eg trur nok dei ryk med når eg skal male. Topplata er den eg er mest usikker på. Trur kanskje løysinga vert å matte den med sandpapir, og så mala den òg. Oda ville gjerne ha heile greia i rosa, men eg trur kanskje ikkje eg kan etterkoma det ynskjet. Det mest nærliggande er vel å mala kvitt, men i mitt lyseblå kjøkken er det jo fleire moglegheiter. Eg har dessutan surfa litt på nett idag etter passande hylle-/skuffepapir. Det høyrer med i slike gamle møblar, men den einaste biten som var igjen inni her hadde musene hatt fest på....


No har me fått 230 cm ekstra oppbevaringsplass på kjøkkenet, med rommelege skap og skuffer. Og når me er mange til bords kan den fint brukast som avlastningsbord. Dessuten har mannen fått ein heil vegg ekstra i uthuset som han kan stabla ved oppetter. Det er akurat som eit kinderegg - 3 ting på ein gong! (Og apropos kinderegg, så kjem eg plutseleg på at det er ei ung frøken som vert rimeleg skuffa imorgon tidleg om ikkje påskeharen har vore på besøk med eit egg iløpet av natta. Her er det berre å setja på seg lange øyrer og ein haledusk, og få jobben gjort!)

Nattata!

7 kommentarer:

Trollkåno sa...

Åja, benken er flott, den. Og endå flottare vert den etter eit par strøk med måling.
Oda vert nok skuffa om ikkje påskeharen har gjort jobben sin, stå på!!!!

igi sa...

Så flott kjøkkenbenk!

På skapet jeg var så heldig å vant var det "gammel/hard" maling. Jeg skrapet bort det som var løst. Pusset hele skapet slik at ny maling skulle få bedre feste. Grunnet med vannbasert grunning. Sparkelt så over ujevnheter og pusset igjen. Malte med Lady vannbasert. Fungerte veldig godt på skapet! Resultatet bleveldig bra. Regner med at jeg kan vise bilde i bloggen i morgen!

Mulig det er best å bruke oljemaling på benken din siden den står i et kjøkken og antakeligvis vil bli utsatt for mer søl og vasking enn skapet mitt. (ikke ofte vaskefilla er i bruk her...)

Nikoline sa...

Får håpa du fann lange øyrer og haledusk slik at det vart orden på sakene... reknar med at det var blide jenter som fann egget sitt,ja.
Så flott at den gamle benken fekk inn att i varmen!Den var heilt knall,og med litt maling;heilt super!Fint at slike gamle,solide greier vert nytta synes eg.
God 1.påskedag til deg og dine.

Anna Lisa sa...

Kjempe fin benk!!!
Ønska deg ei god påske vidare.
Klem

Vibeke sa...

Fin benk. :)

Har vært i min bestemors hus(som min fetter har kjøpt + holder på med totalrenovering der) i dag jeg og tatt med meg en lignende benk. ;) Den bringer gode minner. Fikk overtalt mannen til slutt da...hehe.
Nå står den på kjøkkenet vårt, men vet ikke jeg, vi har ikke verdens største kjøkken, så¨nå ble det kanskje litt overmøblert der inne. ;)

Ha en god dag. :)

Ingrid sa...

den blir nok fin når du har "jobba"litt med den !!!!!

Rønnaug S. sa...

Heisann. Den var flott. Kommer til å bli helmax med litt maling:)

Related Posts with Thumbnails