måndag 6. april 2009

For ei helg!

Tida går fort når ein har det kjekt, og denne helga har verkeleg gått så det suste! Me har fått mange fantastiske konsertopplevingar, med store musikalske kontrastar. Fredag kveld opna med indisk konsert - ei heilt ny oppleving for min del. Vel så underhaldande som musikken var det å fylgja mimikk og samspelet mellom dei fire på scena. Fleire gonger tok eg meg i å tenkja at eg gjekk glipp av noko, for om ein skulle døma etter reaksjonane til dei på scena var det mange musikalske vendingar som var "på kanten" i forhold til den indiske musikktradisjonen. Når ein snakkar om kontrastar så er overgangen til den finske gruppa Värttinä ganske formidabel.


Desse tre damene hadde ein fantastisk karisma og formidlingsevne, som bergtok meg alldeles. Det einaste som ikkje var bra på denne konserten, og desverre fleire andre, var alle dei som eigentleg ikkje var der for å høyra musikk, men for å treffe kjende og ukjende over eit glas eller sytten med noko godt å drikka. Eg syns det er så respektlaust, både ovanfor andre publikumarar og ikkje minst ovanfor artistane, når praten bak i salen er like høg som lyden frå scena!! Neste år skulle det vorte opplyst i starten av kvar konsert, på lik linje med "mobiltelefonar av", at folk får knipe att snakketøyet så lenge dei er i konsertlokalet!

Det var dagens hjartesukk. Laurdagens høgdepunkt var nok tingingsverket med Solveig Slettahjell. Eg elskar stilen hennar, med dei rolege, vare stemningane. Og dama viste at ho kunne groove òg, saman med eit knippe knallgode musikarar. Sjarmfaktoren var dessutan så til dei grader på plass, med 6 lokale songarar som bidrog på eit par av låtane.


Når helga så vart avslutta med ein prisvinnande vetlebror og konsert med ei gruppe spinnville franskmenn så osande av energi at trommehinnene stod i bru, då kan ein ikkje anna enn å sei det har vore vellukka. Idag har me fått jentene heimatt, og det er inga tvil om at dei har vorte ivaretekne på alle måtar. No skal bestemora få fri ei heil stund, og så håpar me at ho får kvilt seg ut dei næraste dagane :).

Eg hadde med meg kompaktkameraet mitt på konsertane, og tok litt bilder og nokre filmsnuttar, men dei vart (ikkje overraskande) ikkje noko å visa fram. Bileta har eg difor lånt på VossaJazz.no, tekne av Sandra Jecmenica.

Imorgon er det rosamannen sin tur til å gå på jobb, og eg og jentene nyttar høvet til å slenga oss med mor mi på tur til Åsane - jippi!

1 kommentar:

Ingunn sa...

God påske! Hilsen ny leser av din blogg. Ingunn

Related Posts with Thumbnails