laurdag 18. april 2009

Bauekorps og andre korps

Idag har rosafamilien vore på tur. Mannen skulle vere med i ein korpskonkurranse på Askøy, og eg fann ut at det kunne passa fint med ein laurdagstur for oss jentene. Sjølv om mannen hadde gløymt buksa heime (jaudå, etter å ha tenkt igjennom tre gongar om alt var på plass klarte han faktisk det. Heldigvis har dei fleste korps svart bukse i uniforma si, så han fekk låne ei like før han gjekk på scena) gjekk spelinga fint, og no ikveld fekk han melding om at dei vann sin klasse + solistpris. Kjekt! Programmet bestod av fem låtar, og eg tok med meg jentene inn i salen med svært låge forventningar. Me pleier vanlegvis ikkje ha dei med på konsert, for ingen av dei er av den stillesitjande typen. Det, kombinert med at eg sjølv lett irriterar meg over urolege ungar på konsert, gjer at dei som oftast er att heime når me spelar. Men, idag ville eg altså gjere eit forsøk; Hedvig sat i vogna, og viste teikn til å vere lei allereie før korpset var komne på scena. Eg fann fram det eg hadde av bestikkelsar, og det hjalp til ein viss grad. Ho begynte heldigvis ikkje å skrika, men i pausane mellom låtane prøvde ho desperat å få kontakt med pappaen, som sat fremst på scenekanten. Folk i salen og på scena humra og lo for kvar gong ho ropte "pappa!", medan mor kraup i hop, og prøvde etter beste evne å hysje på den vesle jenta med den store stemma. Når låt nr 3 var ferdig tok eg ho med meg ut, medan folk humra endå meir enn før. Oda derimot, viste seg frå ei side me aldri før har sett. Ho var stille som ei mus, dansa litt på stolen, men sat fint heile konserten. Ho sat faktisk att i salen når eg gjekk ut med Hedvig, og høyrde resten av programmet åleine på fyrste benk. Når ein har vore så flink er det fire ting som gjeld - IS, og så springa, springa og springa! Då passar det fint med idrettsbane like ved.





Sidan det var laurdag, fint vèr, og me likevel var i området køyrde me like godt inn til Bergen sentrum. Me rusla litt i byn, kjøpte oss mat, og på veg tilbake til bilen høyrde me den umiskjennelege lyden av trommer. Det var ikkje tvil - bauekorpssesongen er igang! Dette med buekorps er snodige greier. Eit heilt korps med berre slagverkarar, samt ei maskulin utgåve av drilltroppen, med stiliserte utgåver av våpen istaden for drillstav. Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta bilder av fenomenet, men då guten bakerst i slagverkgruppa drog opp eit posthorn, då måtte eg bla det fram likevel. Det tok litt lang tid å få kameraet klart (derav bakfrå-bildet), for eg måtte berre le av stakkaren med posthornet. Han fekk den høgst utakknemlege oppgåva å spele signal - heilt åleine - medan dei marsjerte. Og for å sei det sånn - det kunne like gjerne vore 18. mai istaden for 18. april. Eller kanskje ein skal vere glad for at nasjonaldagen ligg ein månad fram i tid?

No har me baska oss trøytt, og medan jentene søv godt i sengene sine, skal eg og mannen sjå litt film før me kryp til sengs. Imorgon er det ein ny dag med nye utfordringar. Kanskje vert det skogstur?

4 kommentarer:

Trollkåno sa...

Ein kjekk dag, ser eg.....
du må gratulere mannen so mykje med prisen, so flott!!!!!
Ha ein fin sundag!

Trollkåno sa...

Og Oda imponerte verkeleg idag......flink jente!!!!

Rønnaug S. sa...

Se det, de unge i familien tar etter. Det kan vi like!! Høres ut som dere har hatt en strålende dag :)

Henriette sa...

Så kjekt det høyrest ut som om de har hatt det:) Jentene dine er berre så skjønne!

Må tilstå at eg aldri har lert meg å lika Buekorps, på trass av 2 år i Bergen..........

Ha ei flott veke.
Klem:0)

Related Posts with Thumbnails