Bortsett frå ein nokså kjølig trekk var det ein nydeleg dag med sol frå nesten skyfri himmel. Nistepakke og varm kakao var smakte godt, og det viste tydeleg på heile ansikta til jentene kva dei hadde hatt i koppen :)
No er det altså ny veke som gressenke, og eg håpar inderleg at den vert betre enn sist! Då var ungane sjuke heile veka, og mor kom seg ikkje utom ei dør. Eg må innrømma at eg vart litt nervøs då Vetlesyster fekk feber fredag ettermiddag, men bank i bordet ser det ut til å ha vore høgst forbigåande! Eg håpar òg at kveldstimane strekk til såpass at eg kan få teke att alle dei bloggbesøka eg ikkje har fått gjort i det siste..
PS: Det har skjedd noko rart med blogg-bakgrunnen min dei siste dagane. eg jobbar med å fikse det, men det kan fort hende at eg endar opp med ein heilt ny ein :)
Ynskjer alle ei god ny veke i vente!
4 kommentarer:
God morgen!
Denne sundagsturen kunne eg nesten tenkt meg å våre med på :-) Såg kjempekoselig ut!!
Håpa at du å jentene får ei flotte veka sjøl om far i huset e vekke....
Blogg bakgrunnen din ser bra ut i dag :-)
God veka til deg og :-)
De hadde ein god dag,både dei små og den store ser eg. Grandane er ein heilt super plass å "boltra" seg på nesten uansett årstid.
Ha ei god og kreativ gressenke-veke!
Ser ut som dere hadde en topp søndagstur. Krysser fingrene for at ungene holder seg friske denne uka.
Klem
Så koseleg det såg ut som om de hadde det. Kjekt å finne på noko når "papen" reiser avgarde.
Krysser fingrane for at de får ei fin veke og held dykk friske alle saman.
Ha ei god natt.
Klem:)
Ps: Nydeleg bakgrunn.
Legg inn en kommentar