onsdag 11. mars 2009

Strikkeveske

Det er ikkje akurat strikking eg driv med for tida, men bortimot kvar einaste kveld har eg eit hekletøy mellom hendene, og føler eg er godt igang med det som skal bli eit teppe i bestemorsruter. Til no har eg hatt hekletøyet i ein liten plastpose, og er sikkert ikkje åleine om det. Plastpose er vel og bra, men då Trollkåno kom med ei av sine eigenproduserte strikkavesker vart eg hoppande glad!

Veska er rosa og fin, akurat slik eg likar det


Og har rikeleg plass til dei forskjellige nøsta eg treng til lappane mine.

Dessutan er det utruleg praktisk med eit lite rom der saks, nål og heklenål kan ligge når dei ikkje er i bruk, istadenfor at dei vert vikla inn i tråden.


Praktisk og fin - akurat slik me likar det! Tusen takk, mor :)

Kan jo slenge på ein liten oppdatering på vesle Oda mi, som sist veke var hardt ramma av vannkoppar. Denne veka er ho framleis ikkje frisk, sjølv om me trudde det og sendte ho i barnehagen på mandag. Etter to timar vart eg nok ein gong kalla tidleg heim frå jobb fordi vesla var dårleg, og tysdag morgon var me hjå legen. Han konstaterte at som fylgje av infeksjonar og sliten kropp har snuppa fått leddbetennelse og magekatarr. Ikkje så mykje medisinar, men ei ny veke heime i ro og fred. Eg fekk sjukmelding, men når bestemora og bestefaren lurte på om ho ville komme på besøk hjå dei nokre dagar var det ikkje nei i hennar munn, og då sjølvsagt ikkje i vår heller. Difor er ho no sendt på helseferie, medan me (nesten) bekymringslaust kan gå på jobb og Hedvig er i barnehagen.

Og folkens - no er snart våren her!!

7 kommentarer:

Anne sa...

Så flott veske til strikketøyet!! Snill og kreativ mor du har:)

Nikoline sa...

Åja, dei strikkeveskene er berre heilt supre! Eg har fått ei slik hjå mammo di også!! Pluss at eg har kjøpt ei veske også,men det er ei med "vindu"(som ei mappe) til å ha broderi i.Er så fornøyd,at..
Godt med litt avlastning for deg synes eg, det er heise med sjuke ungar over lengre tid.
Ha ein fin dag og kos deg på jobb :0)

Linda sa...

hipp hurra for trollkåno strikkevesker!!!

denne her passar jo kjempebra til deg! rosa og blomstrete;)

Henriette sa...

Takar liten Oda:( Jammen ikkje berre berre og vera liten og sjuk...Godt då å ha snille besteforeldre og reisa på helseferie til:)Håpar ho kjem seg snart. Mange god betring klemmar til ho:)

Veska var kjempelur, og sååå koseleg i fargane. Lekkert!!! Likte og godt fragan du har valgt til teppet ditt. Lurer på å hiva meg på heklebylgja eg og;)

Ha ein flott dag.
Klem:)

Janne sa...

Heisann
flott strikkeveske du har fått deg, ho e flink ho mor di ;0)
Har sendt dæ oppskrifta på lua te Hanna på mail, håpe du bli hjulpen med den.

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

En så flott strikkaveske. Praktisk och fin, det är en bra kombination det.

Skulle kunna tänka mig en helseferie jag med...men utan "helseproblematikken". Hoppas lilla vesle blir bra snart.

Och så hoppas jag att du har en fin helg!

Ingrid sa...

desse strikkeveskene er veldig kjekke å ha. Eg har to og dei er stadig i bruk.

Related Posts with Thumbnails