søndag 22. mars 2009

Søndag

Søndag ettermiddag, og den før omtalte vårstemninga er bytta ut med grått, vått og kaldt vèr. Rosamannen syns dagen passa fint til ein større ryddeaksjon i kjellaren, og me jentene har bytta på å "hjelpe" han.

Prosjektet vårt i gangen har stått litt stille den siste veka, rett og slett fordi tid og krefter ikkje har strukke til. Hovudet mitt er fullt av andre ting eg skal hugse å gjere og ordne, men eg håpar at det skal verte litt mindre storm i toppetasjen iløpet av den næraste veka! Gangen står der med plater og sparkel, klar til litt pussing og meir sparkling før det skal opp ein heilt glatt, malbar tapet. Fargen er ikkje bestemt, men eg trur det vert noko veldig lyst med eit hint av blå/turkis. Gardiner er faktisk kjøpt, eller iallefall stoff til dei (Det var resultatet etter ein tur på Stoff og Stil med trollkåno sist helg). Det er fjørlett, med bittelitt blåturkist mønster og eit hint av sølvtråd - lekkert!
I mellomtida planlegg og vurderer me stadig nye løysingar for fyrste-etasjen vår. Den geniale garderobe-planen som dukka opp for nokre veker sidan er so og seie bytta ut med ein annan plan. Det fine med planane er at dei har innvirkning på kvarandre, så det me gjer i gangen vil påverke korleis me får brukt stova og kanskje òg kjøkkenet. Nokre vil kanskje sei at me er raske med å ombestemme oss, men eg tenkjer at det er lurt at me har tenkt igjennom alle desse forskjellige løysingane FØR me har gjort noko me vil angre på. Ein kan aldri gardere seg mot å komme på ei betre løysing seinare, men no trur eg snart me har vore over det meste ;) og sånn går nu dagan......

Det meste av mi kreative(?) og produktive kveldstid går no med til å lage ei webside, og difor vert det ikkje særleg innhaldsrikt i bloggen heller. Som alltid håpar og trur eg på betre tider :)
Bilda idag er av Vetlesyster i karnevalsutstyret som ho hadde i barnehagen på torsdag. Dei er tekne onsdag kveld, med raud pysj under og bare bein - dette var sjølvsagt litt anleis på karnevalsdagen...
God søndag!

4 kommentarer:

Rønnaug S. sa...

For en nydelig kanin. Søteste jeg har sett på lenge.

Her er det absolutt hvitt, hvitt og hvitt ute. Hadde vi vært i fjellet ville det vært lurest å grave seg ned.

Ungene er sendt ut på låven for å leike. Jeg har gjort ferdig en konfirmasjonspressang som snart skal avbildes og så venter det en haug med korv i bua. De siste vil pakkes i fryseren.

Og "sånn går nu dagan". He, he...

Anette {foreldremanualen} sa...

Så nusselig! Er drakten hjemmelaget? :-)

rod i hob sa...

Ja ja -de går ikkje ann å væra lika flink heile tiå.... Her og stoppe ting opp litt i blandt. Nå vente me på gulvleggar til badet. Han som sku fiksa det har lungebet. :-( Så då står ting litt i stampe her og... Gangen nere F L Y T E med material og baderomsinnredning -men eg prøve å øvesjå det.....

Men uansett en nydelig kanin!!

God søndag!!

Linda sa...

Neimenn sjå på den søte kaninen du har då!! herlig!

Related Posts with Thumbnails