måndag 16. mars 2009

The mom song!!

Idag har eg gått og nynna på William Tell-overtyren. Grunnen?

Ein fantastisk youtube-snutt som sjefen viste meg i formiddag; The mom song, framført av ei dame så munnrapp og myndig at ho kan ta pusten frå dei fleste. Sett deg tilbake, sjå, lytt og LE! (og for den som ynskjer er det vel ein lærdom å hente her òg)





Idag har endeleg Oda hatt ein heil dag i barnehagen, utan verken oppkast, feber eller andre tilbakeslag. Ho var svært usikker på om ho hadde lyst dit etter fleire veker heime, men når ho fyrst var på plass hadde ho heldigvis ein kjekk dag som skapar gode assosiasjonar og gjer det lettare å motivere seg vidare. Imorgon skal eg noko så sjeldant som å vere på jobb frå morgon til seine kveld. I motsetnad til mine gode kollegaer har eg vanlegvis svært så ordna arbeidstider, men imorgon skal me gjere litt stas på over 100 inviterte gjester som vanlegvis yter dugnadsinnsats i ulike organisasjonar og samanhengar, og då er det berre å brette opp armane. Snart skal eg finne loppekassa, der sengevarmaren (altså Oda) er på plass. Fyrst må eg berre pakke to barnehagesekkar og ein bag med ekstrautstyr til meg sjølv....

Ta-daaa!

2 kommentarer:

Christel - Bakketun sa...

Veldig bra den sangen!
Håper Oda holder seg frisk og at du får en lang og fin dag på jobben :)

Klem

Anette {foreldremanualen} sa...

Ha ha ha - herlig! Blir stressa av den da men... ;-)

Related Posts with Thumbnails