søndag 8. mars 2009

Med rak rygg

Verken eg eller rosamannen ragar spesielt høgt over bakken. Han litt under 1.70, eg litt over. Likevel - i trappa opp til 2. etasje har me måtta gå krokrygga både opp og ned. Eg for min del har snudd midt i trappa og rygga ned kvar morgon når eg har komme med Hedvig på armen i halvsøvne, for ikkje å ta overbalanse og gå på trynet.

No er den tida over! Igår gjekk mann og svigerfar laus med sag, og skar ut eit stort hakk i "arkje". Resultat: Ei ny verd med gang og trappegang som føles mykje opnare. Her ser du òg platearbeidet som er gjort siste vekene. Eit voldsomt putlearbeid som tek mange timar og må gjerast med nøyaktigheit og kreative løysingar når ein skal tilpasse nytt til gammalt, der ingenting har rette vinklar. No er trappa retta opp og sett fast igjen, og med den nye opninga har me òg plan om å setja opp noko stensle slik at ingen søte små kan vippe ut over kanten og rett i golvet.
Bileta er ikkje så gode, då det er dårleg lys over heile linja. Planen er spot'ar enten i taket eller på veggen øverst i trappa. Me såg igår med arbeidslys at det opna rommet veldig. Men før den tid skal me opp med tapet, maling, meir plater og lister både her og der. Eit stykke fram, men samtidig er me veldig nøgd med at det går så fint framover!

Eit par fine funn har me òg gjort då me skulle rydda "arkje" for å sage hòl. Dei skal eg komma tilbake til ein annan gong.

Tusen takk for alle god betring-helsingar til Oda mi. Imorgon satsar me på at ho er barnehage-klar igjen!

4 kommentarer:

rod i hob sa...

Oi -her sjer det saker og ting!!! Kjekt! Her i huset helle husfar på med nytt tak på gjestebadet i kjelleren. Halve taket og 3 spottar e klart! Eg e fornøyd :-D

mali-mo sa...

Såååå flott det blir! Og så flinke dere er! Eg er bare kjempeimponert over at dere orker å gå igeng med det ene nye prosjektet etter det andre. Her i huset er vi gått litt arbeidslei rett og slett, selv om gangen vår ser fryktelig mye verre ut enn deres, så får den stå som den er ;) Iallfall en stund ;)

Gleder meg til å se hvordan gangen deres blir videre, det er så kjekt å følge med på dette prosjektet, for vi skal jo igang med nesten det samme, pluss at gangen vår har dører og vinduer og trapp på akkurat samme sted som deres.

Vi tenkte å fortsette rekkverket rundt der vi åpner, er det det samme dere har tenkt? Har sett at de selger ferdige stolper, vi er nemlig ikke superhandy men må satse på litt snekkerhjelp ;)

God ny uke, og håper formen og helsen er på topp igjen hos alle ;)

Trollkåno sa...

Gangen vert flott, den.....masse jobb.
Har ei utfordring til deg, om du har tid og lyst...

tanja sa...

ja, det er vel og bra med plass til haudet men dåkke har jo ikkje rekverk eingong! den trappa likna forresten ganske masse på vår....

Related Posts with Thumbnails