tysdag 24. mars 2009

Leik forsiktig - vaksne køyrer!



Idag har me hatt Statens Vegvesen på synfaring utanfor huset vårt. Nei det er ikkje tull - det var sjølvaste Statens Vegvesen - in person! Han meiner iallefall det, mannen som me for fyrste gong traff sommaren for to år sidan, då me ville setja opp eit gjerde mot vegen som går ein knapp meter frå huset vårt. (Den historia skal eg spare lesarane for, men høgdepunktet var då han stega opp avstanden - 3 meter - frå den kvite stripa. Då havna han innom kjellardøra vår, og fastslo at det ikkje vart noko gjerde på oss innanfor gjeldande regelverk) Det er ein fylkesveg, og relativt sett er den vel lite traffikert, men likevel - det bur ganske mange folk innover denne vegen, og sommarstid er den ei ynda rute for turistbussar, i tillegg til aukande trafikk av lastebilar som av ein eller annan grunn skal inn i ein trang vestlandsdal. Om ein kjem langs vegen frå meir sentrale strok ligg huset vårt so og seie midt i vegen - midt i ein sving! Uoversiktleg? Jepp, det er heilt sikkert! Og kvar dag skal altså me og ungane vore kryssa denne vegen x antal gongar (bilparkering må nemleg føregå på den andre sida, og skal ein ut å gå er det òg nødvendig å komme over på den andre sida for å f.eks. nå skule og butikk.), og kvar einaste gong føles det litt som å spela lotto. Heldigvis er vinnarlukka 100% betre her!


I august ifjor sendte eg mail til vegvesenet og ba dei om å setje opp eit skilt som kunne gjere sjåførane merksame på at "Her er me!". Eg drøymer om 40-sone, eller aller helst: Ein fartsdump, plassert midt i svingen. Då MÅTTE dei senka farten, og den idioten som ikkje klarte det, han ville få god fart på hoppet og havna rett i vatnet - perfekt!! Eg fekk eit brev etter nokre veker, som fortalde at saka var oversendt "vår" mann. Sidan har det vore stille, heilt til igår. Då ringte han, og fortalte på sitt sjarmerande vis at akurat idag hadde han moglegheit til å gje oss audiens. Heldigvis har eg ein fleksibel mann som kunne skubbe litt i arbeidstida for å vere med på synfaringa.

Men, sjølv om "Statens vegvesen er ei service-bedrift" som han så fint sa det idag, så var det lite hjelp å henta. Eit "barn"-skilt var det beste han kunne tilby. Det ville jo vere vel og bra, om me fekk det i nærleiken av huset vårt. Men slik er det sjølvsagt ikkje. Skiltet skal plasserast forbi alle svingane, i det me likar å kalla sentrum. Folk som ser det vil antakeleg tenkje at det gjeld området rundt butikk og skule, som er mykje nytta av borna i skulealder. I motsett køyreretning skal det stå eit skilt langt inni vegen, forbi det siste huset med små born. Statens Vegvesen kunne og fortelja oss at det nærast var nyttelaust å søkja om nedsett fartsgrense, for det ville verta "så mykje styr". For meg er det berre eit bevis på at mannen er arbeissky. Ei slik sak må nemleg behandlast av fleire nemnder i det o'store vegvesenet, i tillegg til at politiet må godkjenna det. Å prøva dette var ikkje mykje vits i, for eigentleg er ikkje svingen noko problem! Frå før er det 50-grense langs vegen, og i sjølvaste vegtrafikklova står det at du ikkje skal køyra fortare enn at du kan stoppe på 1/3 av sikta (sånn omtrentligen). Dermed er svingen sjølvregulerande! Høyrest ikkje det flott ut? Det skal eg slå i bordet med neste gong eg står med hjarta i halsen og skal losa ungane ut i bilen, på holkeføre i dårleg sikt. Då skal eg sei: "Dette går fint, for Statens Vegvesen har sagt at svingen er sjølv-regulerande"


(bileta er henta frå Bokstavfabrikken, som produserer flotte skilt til slike formål. Men dei har ein sjølvsagt ikkje lov til å setja opp sjølve; Då kjem Statens Vegvesen i eigen høge person og spør "ka e da du drivå med?")

10 kommentarer:

Annika sa...

Æsj, det er ikkje kjekt når ein har trafikken så nær innpå seg. Men sjølv om det er fylkesveg, der er ikkje nokon kjekke lokalpolitikarar du kan alliere deg med i kommunestyret då, som kan ta opp denne strekninga - i samband med trafikktryggingsplan i kommunen? Kommunestyret kan kome med eit ynskje om redusert fart, dei kan kome med ei tilråding, og då må Statens Vegvesen kome med eit skikkleg og vurdert svar attende...

Å leike med barns liv er ikkje tull, mannen burde skamme seg!

Rønnaug S. sa...

Dessuten. kommer han virkelig til å ta turen for å se skiltet? Hvem skal fortelle han at det står der?


Eller er det ikke sånn det funker? Kanskje ikke det, nei.

SUKK!!!!!

Henriette sa...

Sånne paragrafryttarar er så utruuuuuuuuuleg irriterande!!!!! Lurer på kva han hadde sagt om det var hans ungar som budde der......

Ikkje gi deg. Anka vedtaket om det er muleg. Kanskje Tove frå "Tankar frå ein kvardag" har gode råd. Synes og hugsa ho skulle vera med på eit eller anna som hadde med vegar å gjere...

Lukke til, og stå på.
Klem:0)

Linda sa...

ein applaus for statens vegesen folkens...

eg skal spare folk for stygge ord.. eg kan komme og sette opp eit skilt eg, so kan dei leite etter meg når dei vil ha nokon å skylde på..

Eg er berre meg! sa...

trur det er mange som har tatt saken i egne hender i slike saker... den beste så langt er likevel ein som satte opp ein fotoboks "look-a-like" i ei 80-sone 1. april... Men det var jo berre morsom - dette er jo sikkerhet og trygghet...

Kosleg blogg :-)

Bestemor sa...

Nå er det bare en ting som skal til, få avisene på plass. Kontakt de i morgen den dag, vi har ikke et eneste barn å miste. Er jo med livet som innsats vi må krysse vegen som er i tunet deres. Jeg skal personlig støpe en fartsdump i vegen.

Anonym sa...

Tante kan koma og setta opp eit skilt, for det er ho god på ;) Skit oppi da, hadde eg gjort, og laga verdens finaste skilt om å ta vare på dei søte små :) -H.

Nikoline sa...

God kveld i ståvo!
No har eg tråla Ikeakatalogen,og jammen fann eg skåpet! Det er mange år sidan me kjøpte det,så eg rekna nesten med at det var utgått,men nei då... På side 243 i katalogen er det nr.16, ALVE-serien art.nr 100.591.51 og kostar 2.875,- (dette var nok gammeldags kjem eg på... du går vel inn på nettet reknar eg med..men no har du nr. i alle fall) Det er UTRULEG praktisk,og fleire som har sett det her hjå oss har kjøpt samme skåpet.
Fortsatt god kveld til deg :0)

Beate Austvoll sa...

Har og høyrt om den 3 meters regele, men den kan ikkje vera mykje praktisert. Langs skulevegen (det er fylkesveg det og) til ungane mine har gårdbrukarane gjerdene sin 0,5-1 meter frå den kvite stripa det vart ikkje betre då dei la ny asfalt 5 cm utfor den gamle. Men veien bli jo litt breiare for bilistane ;-)
Så hadde eg hadde vell satt opp gjerde foran huset eg. Privat skilt ser ei jo og både her og der, så kvifor ikkje.
(Eigentleg er eg for å fylja reglane som finnes, men då må dei vera fornuftige og gjellande for alle)

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Denne, snille deg, denne skulle samtlige bloggere ha lagt ut samtidig midt i valgkampen til høsten!!!!!!!!

Fy søren at det er mulig, men vet. Har jobbet opp mot vegvesenet i noen år nå med veien forbi oss og det er komplett umulig.
Det er som å snakke med 3-åringer som har feber, er overtrøtt , er hyper på snop og midt i den verste trassalderen, alt på en gang.

Jeg har også hørt den samme setningen som deg, det kan du bare glemme, det er helt umulig osv...stønn!!!!!!!

Selvregulerende sving, ha ha ha ha ha

Related Posts with Thumbnails