torsdag 19. mars 2009

Grillsesongen er igang!


I fylgje eldste bror min er eg galen. Det var nemleg reaksjonen eg fekk då eg kjøpte eingongsgrill og pølsebrød på butikken idag. Med herleg vårsol frå knallblå himmel, og frysen full av grillpølser hadde eg berre eit ynskje for dagens middag: Å innta den ute i det fri. Eg hadde ikkje lyst inn når det var så herleg ute, og jentene mine elskar òg å styre på i frisk luft. På veg heim traff me dessutan to kjekke nabojenter, ei stor og ei lita, som straks vart invitert på pølsegrilling.


Ifjor på denne tid måtte me sitte to meter frå vegen om me skulle nyte eit måltid utandørs. Med bilar susande forbi og meir eller mindre nysjerrige bygdefolk rett utom stakitten. I år har me platningen! Hurra for platningen vår, langt vekk frå vegen, med sol så lenge sola er oppe, og lydskjerming i form av den endelause susinga frå elva attmed oss. Ikkje at det ikkje er noko å arbeide vidare med der oppe, men det er iallefall ein stad å vere!

Jentene storkoste seg med nabojenta, og åt som om dei aldri før skulle sett mat! Og når pølsene var fortært og sola gjekk ned var det berre å komme seg i hus og rett i kveldsstellet. Trøtte ungar og trøtte foreldre, men imorgon har iallefall me jentene fri....


Ja til fleire solrike vårdagar - og med dette erklærer eg grillsesongen for opna!


9 kommentarer:

Trollkåno sa...

Å, detta såg vel koseleg ut....me får håpe på mange godversdagar utover.
Gler meg til grillsesongen er i gang, ja.

Tove sa...

Du er slettes ikkje gal! Her har vi grilla sidan starten av januar, så velkomen etter! Alltid kjekkare å ete maten ute! Av og til får grillen pause, og så tek vi med oss stormkjøkken istadenfor. Kos deg med resten av våren!

rod i hob sa...

Fantastisk :-)
Tommelen opp for Rosa og hennar "galskap"

Våren er veldig velkommen her og :-)

mali-mo sa...

En kjempeide!!! Så utrolig kosleig ut, og for noen herlige jenter! Eg tenkte tanken eg og, på engangsgrill nede ved sjøen idag, men lillegullet har øreverk så det ble karbonader inne istedenfor ;) Satser på st det blir flere like nydelige dager som denne nå!!!

Annika sa...

Må berre seie som Tove - du er absolutt ikkje gal! Vi opna grillsesongen i midten av januar... HERLIGT!

MOLLY sa...

Herlig herlig, også har du sååååå nydelige jenter:))
Og The Mom song er helt rå...hehe;)

Henriette sa...

Ja til grilling heile året!!!!!!Pølser smakar dessuten best i det fri, og dagar som i dag må nyyyyyytast.

Ha ei god helg.
Klem:0)

Rønnaug S. sa...

YESS. Vi er også med. I dag er sesongen åpna i hagen vår. Det var slett ikke planen da jeg våkna i morres, men dager blir til etter som de går. Bare sjekk ut bloggen min:)

Kos dere i helga. Klem

Nikoline sa...

Ja,kvifor ikkje... me grev oss ned i snøen på Vinjo og grillar av hjertens lyst..
Pølsene smakar så absolutt best ute!
Ha ein flott søndag vidare!

Related Posts with Thumbnails