fredag 27. mars 2009

Fredagsvårkonsert

Ikveld vert det ikkje vanleg fredagskveld der ein ligg som eit slakt på sofaen etter ei lang veke. Ikkje at veka har vore mindre travel enn vanleg - tvert imot! Men ikveld skal me halde konsert i Vangskyrkja. Me skal spela norsk musikk, og ha med oss ei ung jente som syng folkemusikk på ein ny måte. Konserten er i gamle ærverdige Vangskyrkja kl 20, og eg håpar inderleg det kjem nokon for å høyra på!

Under er bilete av blomen som den unge solisten skal få. Eg syns den var så kul, med knallgrøn filtveske til potteskjular!

God fredagskveld!










6 kommentarer:

Annika sa...

Det vert nok ein fin kveld med konsert kan eg tenke meg. Er noko eige med konsert i kyrkja.

Her er det konsert med Vamp som står på tapeten - i morgon. I dag er det slappings på sofaen, når hesten har fått trimmen sin.

Lukke til med konsert=) Blomen var nydleg artig!

Rønnaug S. sa...

Jada. Her skal fruen ut av sofakroken og inn i kyrkjevarmen. Gleder meg til konsert. Og den blomsten må jo være det helt rette til solisten. Like frisk som ho er.

God helg:)

Trollkåno sa...

So stilig med blom i veske......eg er på jobb, no har eg nett avtala med gutane som spelar fotball i hallen, at dei skal vere ekstra kjappe i dusjen i kveld so eg rekk konserten.
So får me sjå om dei hugsar på det om halvannan time....
Gler meg!

(Smykke)Rosa sa...

Så flotte blomster og i stilig korg/veske:)
Solisten hadde vert artig å fått hørt navnet på. Stod i avisa om ei for litt siden, ho passa jeg da ho var lita, artig å se hva de gjør når de vokser opp. Kansje ho som skal synge. Skulle gjerne vert å hørt på, men det får bli ei anna gang..
God helg til deg og dine, nyt våren:)

igi sa...

Lykke til!
Håper konserten blir velykka og resten av helga blir fin!

rod i hob sa...

Hei!
Håpa du har hatt ei fine helg så langt , og at folk kjøyre fint!!

Eg bare lurer på kva som har skjedd på venstre side på bloggen din??? (Uppgrade to Pro today) Litt forstyrrande på en ellers så fin blogg)

Related Posts with Thumbnails