søndag 15. mars 2009

Fotballidioti

ja, så er det igang igjen - den mykje omtalte tippeligaen. Etter berre nokre få månader med delvis ro og fred (om ein reknar engelske tippekampar og venlegsinna treningskampar som ro og fred) har den norske fotballen byrja å rulle igjen denne helga. I VG kunne me fredag få stort ekstramagasin om den fantastiske tippeliga-starten. Du kunne faktisk lære å score mål som nokre av dei store stjernene, berre ved å lese dette magasinet! Eg takkar fint nei og kastar magasinet i papirbosset med stor glede.

Verre var det igår kveld. Me ser ikkje mykje på TV, anna enn NRK Super så lenge ungane er vakne. Men laurdagskvelden er eit unntak. Ofte er Oda litt lenger oppe denne kvelden, og som seg hør og bør har ein gjerne noko godt til kvelds, istadenfor den vanlege middagen. No i vinter er det Klassefesten som er NRK si familieunderhaldning. Eg er vel ingen kjempefan av Dan Børge, men nokre gonger kan det jo vere underhaldande å høyre litt om korleis norske kjendisar var i ungdomen, før dei visste at dei skulle bli kjendisar. Oda syns av ein eller annan grunn at Klassefesten er kjempemorro. Om det er konkurransane, ABBA som pausemusikk eller noko anna som er så kjekt veit eg ikkje, men kvar laurdag ettermiddag lurar ho på om det er Klassefest om kvelden. Igår var ikkje noko unntak, og til alt hell var kveldsmaten ferdig akurat til Klassefesten skulle begynne. På med TV, mat på fatet, og kva skjer?

FOTBALL!!!

Det mest underhaldande NRK kunne komme på å sende i beste familietvtid på hovudkanalen var 4-4-2. Før - under - og etter kampen, sikkert med høgtflygande tipping om kven som vinn serien i år, ispedd litt sladder om utrangerte trenarar og konfliktar i ein og annan klubb. Eg kjenner at eg vert utruleg provosert! Med fare for å tråkke på ei og anna tå, så syns eg det er usannsynleg idiotisk at me skal ha så mykje fotball i alle medier året rundt. Alternativa for NRK sin del igår kveld var forøvrig VM på skøyter og ein ungdomsserie (og hadde me sjekka programmet litt lenger utover kvelden kunne me sett korslaget på TV", men då var det allereie for seint). Oda var knust, og mor var rasande. Ikkje fordi eg var så lei meg for å ikkje få sjå Dan Børge, men fordi NRK er villig til å droppe det meste for fotballen. Heldigvis har me av-knapp på TV'en, og heldigvis hadde me ein kjekk teiknefilm som kunne underhalde heile familien på laurdagskvelden. Men provosert er eg like fullt!

10 kommentarer:

Bestemor sa...

Takker for et flott innlegg, vi støtter deg 110 % . Har i kveld sendt klagemail til nrk og oppfordrer flere til å gjøre det samme. Fotball er blitt en avgudsdyrkelse spør du meg. Fy og FY

Trollkåno sa...

Mi fulle støtte!

rod i hob sa...

Takk for koselig kommentar hos meg :-)

Kjekt å høyra at dåkke likte taco-paien!!

Eg såg det store korslaget på tv2. Fantasisk program som eg anbefale på det varmaste til neste lørdag :-) Fotball??? Idiotisk!! Eg e ikkje LITT interessert! Burde våre egne tv apparat for det -åsså normale program på tv....! Den rosa delen i vg går alltid rett i bosset for min del. Den kunne dei solgt for seg sjøl og....

Ha ei god veke!!

Nikoline sa...

HEILT EINIG!!!!!!!!!

Rønnaug S. sa...

Skriver under med STORE BOKSTAVER!!!!!!!!!

HildeS. sa...

Eg er så einig med deg.
Når ongane var små så var det mang ein gang dei var lei seg fordi barnetv eller noko anna dei ville sjå var flytta fordi noko som var meir viktig kom i staden, og det var SPORT.
Sport, og særleg fotball er visst det viktigaste som finns her i verda, og alt anna må vike.
Eg trur eg spyr...

Anonym sa...

Svært, svært enig med deg. Me hadde same opplevelsen av skuffelse lørdagskvelden hos vår minstejente. Kanskje me skulle sendt mailer alle i saman til NRK?

Henriette sa...

Er berre sååååå enig! Vart passe lang i maska då eg såg programmet. Fotball står ikkje så høgt på lista mi kan du sei;)

Ha ein flott kveld.
Klem:0)

igi sa...

Helt enig jeg også! Fotball er noe av det kjedeligste jeg vet!!!

Anonym sa...

Er bare SÅÅÅÅ enig!!!! Har opplevd akkurat det samme, og jeg blir så forarget, irritert og sint at jeg kan eksplodere. Verst er det når ungene har gledet seg til Barne-TV, og det kommer sport. Da er gode råd dyre. Ikke har de noe alternativ heller for oss som ikke har NRK super. Nei, det er aaaaltfor mye sport og spesielt fotball. JA til flere interiørprogrammer og Barne-TV!! hi hi :-) Hilsen Stina, mamma til 2 :)

Related Posts with Thumbnails