tysdag 3. mars 2009

Flittige bestemødre

Sjølv om eg syns det er kjekt å halde på med ting, og dei siste åra har utvikla ein for mannen uforståeleg skapartrang, så er det mykje eg ikkje får tid til, eller rett og slett ikkje vågar å leggje ut på. Då er det kjekt at me har flittige bestemødre som òg likar å laga ting.

Svigermor kom for ei dryg veke sidan med denne nydelege strikkagensaren til Hedvig. Den er god og varm, med ein god hals og ein skikkeleg "knæsj" rosafarge som kledde ho veldig godt! Desverre har eg ikkje klart å fanga gensaren med modellen inni med linsa endå, men gensaren klarar seg fint på eigahand òg, den :)

Idag var det mor sjølv som fekk ei overrasking. For ei tid sidan la eg inn ei aldri så lita bestilling hjå mamma, om å sy bestikkmapper til meg. Ho er ei dame med mange jarn i elden, og ikkje sette eg akurat noko tidsfrist på prosjektet heller, så når ho plutseleg kom med dei idag vart eg både glad og overraska. Og mappene vart kjempefine!

(Etter å ha fyllt mappene kom eg på at eg skulle jo gjerne hatt matchande mapper til serveringsbestikk og teskeier òg. Hm....)
Tusen takk begge to, for gensar og bestikkmapper!

Idag har eg nok ein gong vore heime med sjukt barn. Etter å ha teke runden gjennom øyreverk, influensa og omgangssjuke denne vinteren, er no turen komen til dei berømte vannkoppane. Me visste dei gjekk i Oda sin barnehage, men trudde faktisk ho hadde vore såpass lite i barnehagen at ho ikkje ville bli smitta. Ikkje for det - det er jo greit å verte ferdig med denne barnesjukdomen, men eg for min del hadde syns det var heilt i orden om me venta ei lita stund. Nokon ungar får berre eit par koppar og merkar knapt at dei er sjuk. Oda merkar det i aller høgste grad, med blemmer på dei mest utenkjelege stader. Ho har hatt frykteleg ubehag dag og natt, og sjølv om me har smurt med kvitvask og gitt paracet måtte me faktisk til med sterkare lut ikveld. Etter konsultasjon med lege har ho fått kløestillande medisin, og heldigvis kunne ho sjå barnetv heilt utan å få frustrasjonsanfall med hyl og skrik. Dette er ikkje kjekt, verken for ho eller oss. No er eg berre spent på om Oda rekk å bli frisk før Hedvig vert smitta..

Oppussinga av gangen fortsette i helga, og no kjenner me verkeleg at golv og veggar er isolerte og klarar å halde på varmen - herleg! Veldig spanande er det ikkje å vise fram sponplater, så eg ventar med nye bilder til me ha rkomme litt lengre.

Då håpar eg de der ute har ein god kveld!

6 kommentarer:

Nikoline sa...

Det eine sler visst det andre ihjel(?)hjå dekan for tida... huff a meg... Men badnasjukdomar kan vera greit å ha unnagjort,ja. Eg hadde vannkoppane som vaksen,og det var ikkje berre-berre...
Godt å ha flittige (og snilde)damer i familien :O)
Fint var det,både gensar og bestikkmapper! Og så får me sjå då,om trollmor tek hintet med fleire mapper...
God betring i heimen!

ingridmarie sa...

So vakker genser & flotte bestikkmapper! So kjekt med slike hyggelige overraskingar:) Sjølv er vi so heldige å ha både farmor og tante som srtikkar til oss, noko eg er kjempeglad for, sidan eg helst les bøker framfor å strikka.. Men eitpar genser prosjekt har eg bak meg, men det det si tid. Og når farmor og tante tryllar fram plagg sånn over helga vert det ikkje prioritert her hjå meg:) No har farmor annonsert at Marius-genser er på veg-gler meg!! Håpar de kjem dåke greitt gjennom vannkoppane-det er ei hektisk tid. Vi vart ferdige i november, då veslebror hadde dei. Han nærmar seg 3 år, so det var jo greitt å gjere seg ferdig før skulestart. Storesøster hadde dei då ho var berre 6 veker. Ikkje kjekt for mor. Og sjukehuset som garanterte for at ho var beskytta via morsmjelka.. Men nei. Fordelen var jo at ho ikkje klarte å klø på dei:) Håpar Hedvig får dei før det er gått to veker då! Veit om fleire i barnehagen som har hatt det gåande fire veker i strekk med sine to.. Kryssar fingrane for dåke!!Varm helsing

Henriette sa...

Stakar dåke.....Håpar dåke er ferdige med sjukdom snart. Trøysta får vera at det er greit å vera ferdig med vannkoppar som liten. Eg var 20, og hadde vannkoppar alle tenkjelege og utenkjelege stader......Sat i stova kl 05.00 om morgonen og venta på God morgon Norge for å prøva å tenkja på noko anna enn KLØE!!!! Har lova meg sjølv å prøva å få ungane smitta når dei var små, men etter diverse omgangar med alt anna, kjener eg at det godt kan venta litt......

Nydeleg handarbeid, i både genser og bestikkmappe!!

God betring til Oda. Ho har mi absolutte medkjensle.
Klem:0)

rod i hob sa...

Sjuke ungar nå igjen?? Stakkars både små og store... digga bestikkmappene dine -sånne kunne eg og tenkt meg!! Eskene med hardangerbestikk tar så stor plass i skapet!!

NÅ e de leggetid for meg! God natt!!

Rønnaug S. sa...

Heisann. For noen kjekke overraskelser dere har fått, da. Sånne mapper er ikke å forakte. Og de heimelaga er absolutt de fineste. Så bra at noen har finni opp kløestillende medisiner. Håper det gir seg snart og at Hedvig ikke får det like ille.

Du får skrive det ned og scrappe det ut av kropp og sinn, ved høve :)

Håper dagen blir fin og alt går mot lysere tider :)

igi sa...

Heldig er du med så flinke besteforeldre.

Vi hadde en runde med vankopper i romjula. Tarzan hadde bare 4 prikker - og var dødlig fornærma fordi han ikke fikk flere. Lille kusina fikk jo så mye oppmerksomhet med alle sine prikkene!

Håper det verste er over for deres del!
Håper

Related Posts with Thumbnails