torsdag 12. februar 2009

Strikkelise

Det er ikkje berre voksne jenter som blir inspirert!

Oda har mange gongar vore lei seg og frustrert fordi ho ikkje kunne strikke, slik eg gjer. Eg har prøvd å forklare at ho nok må verte litt større før eg slepper ho til med dei spisse pinnane, og den beskjeden er ikkje alltid like god å svelge. Men, då den før omtalte Stoff og Stil-katalogen kom sist veke var der avbilda ei søt strikkelise. Eg tenkte at nokon tur på S&S vart det nok ikkje i nær framtid, men då eg var i Bergen i helga hadde dei noko som likna på Panduro. Konseptet er ei hylse med 4 pinnar i toppen. Ein surrar tråden rundt, brettar over, og litt etter litt får du ein slags strikkastrømpe - eller eit smykke, armband, nøkkelband..

Strikkelisen vart iallefall stor stas her i huset, og snuppa var særs nøgd med å kunne strikke litt ho òg.




7 kommentarer:

Trollkåno sa...

Det var jenta si....tidleg krøkjast osv....

Bestemor sa...

Flinkaste jenta vår. Ser konsentrert ut, håper ho fortsetter.

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Så herlig! Du må hilse henne å si at hun strikker altså en "cord" som det heter på engelsk... blir til snorer på bikini, eller håndtak på vesker, tekopper eller tekanne...som på tesettet som jeg har strikket :o)
Samme effekt kan strikkes på to vanlige pinner, man strikker over f.eks 3 masker, skyver maskene til høyre igjen på pinnen og strikker de på nytt...hele tiden, arbeidet blir aldri snudd...rettsiden vender alltid mot en.. men det viste du kanskje fra før, artig er det okke som og lett for barn :o)
Klem

Linda sa...

sjå der ja! det er neste generasjons strikkar i gong!!!
flott bilde, skikkelig konsentrert!

du får sy auge på dei "pølsene" so har ho strikka slangar, hehe

Henriette sa...

SÅ flink ho er!!!! Kjekt når dei finn noko dei synes er så kjekt:)

Ha ei flott helg.
Klem:0)

Noralill sa...

Så kjekt at det finnes råd for søte små strikkeentusiastar!!

Ha ei fin helg!

Anonym sa...

Hei, flink jente... så kjekt=)
Har aldri lært dette med strikkelise, og no går eg kunst og handverk fordjupning, og skal skrive bacheloropgåve om strikking for funksjonshemma, tenkte å vidreføre dette med strikkelise i litt størr format... Men klarer altså ikkje å finne ut korleis det gjerast... Er for ung til å ha lært det som lita...
MVH, lærarstudent 25 år

Related Posts with Thumbnails