tysdag 3. februar 2009

Scrapperi, scrappera....

Når rosamannen er mykje vekke har det forskjellige fylgjer. Jaudå, visst vert det litt meir styr å vere åleine med jentene og huset. Men samtidig gjer det at eg med meir eller mindre godt samvit brukar mykje meir tid på scrapperommet en ellers. Og no i januar har det vorte ein del timar der, for å sei det slik.. (det er IKKJE å oppfatte som ein klage ;) )


Faktisk har eg hatt så god tid der at eg har kunna finne fram bilder frå ifjor, som eg endå ikkje har fått gjort noko med. Eit eksempel er bileta frå turen vår til Hunderfossen ifjor sommar. Nokre av dei har fått plass på LO'en "I eventyrland", som du ser under. Overskrifta og svirlane er skjært ut med min absolutt fantastiske (!) Silouette. I tillegg til bileta har eg teke med eit køyrebevis som Oda fekk på bilbana, og parkeringsbilletten frå dagen i eventyrparken. Syns det er kjekt når eg kan integerere slike souvenirar i albumsidene



Sjølvsagt må det dokumenterast at Oda har fått seg briller. Denne vart svært enkel, med to lag kartong, eit par filtblomar og litt bling-bling. Desse bokstavane er òg laga i Silhouetten, og +3 står for graden av langsyntheit.


Bildene frå årets nyårsfeiring fekk plass på ei enkeltside denne gongen, og eg vart veldig nøgd då eg oppdaga at datohjulet for desember òg innehaldt årstal. Hjertet og stjerna som framhevar dette er skorne ut, og sverta med raud distress ink før eg dryssa embossingpulver over. Embossingpulver er såvidt meg bekjend pulverisert glas, som smeltar når ein held det over t.d. ei steikeplate, og dannar ei blank, hard skorpe. Snøfnugga med raud bakgrunn er tekne frå baksida av mønsterpapir-restane, dei andre er metallpynt og nokre snøfnugg i ein slags skumgummi.


Det siste biletet er ein detalj frå LO'en med jolebilder. Sjølve sida vart eg ikkje nøgd med - håplaus komposisjon og eit einaste rot. Men denne detaljen syns eg likevel er verd å vise fram. Som ein vri har eg teke eit utsnitt av hovudet til Hedvig, og lagt det på bakgrunnskartong slik at det (iallefall i mitt hovud) framstår som ei jolekule.


Det er fleire scrappeprosjekt på gang, men ikveld var det så mange ting eg ville gjere at eg allereie har avslutta scrappinga. Så spørst det då, kor mange av planane som vert gjennomførte før mannen kjem heim "Round Midnight".
God kveld!

3 kommentarer:

Lene sa...

Så godt å høre og "se" dere igjen vennen. Savner dere masse-masse!

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så fint du scrappar! Liker veldigt den "Brillefin" bilden.

Ha en riktigt fin fortsatt vecka!

Janne sa...

Heisann så mange flotte LO'er du har fått tid til å lage da. Kreativ og effektiv ingen dårlig kombinasjon det du... :0)

Related Posts with Thumbnails