laurdag 21. februar 2009

mmmmm - bollar

Jaudå, det står til liv i rosa-heimen òg, sjølv om her har vore frykteleg stille i det siste. Men for å blogga må eg ha eit visst overskot, og akurat det har nok mangla litt i det siste. Heile familien havna utpå med ein influensa så seig og tung at me knapt har sett maken, men no er det heldigvis berre litt snørr og hoste att av den. Eg ser fram til ei heilt vanleg veke med jobb og barnehage, der bloggelyst og -inspirasjon kjem flygande i rikt monn :)

Hedvig var i barnehagen på torsdag, og kom heimatt med ein fastelavnskvist som ho kanskje hadde fått litt hjelp til å dekorera. Veldig kjekt var det, og mor vart påminna at det er noko som heiter fastelavnsbollar. Eg stod med ein pose ferdige kveitebollar i handa på butikken, men fann ut at eg måtte skjerpe meg litt; Bakinga er jo halve moroa!

Som sagt så gjort - idag vart det baking. Kvar gong eg skal til med slike prosjekt går eg på nettet og søkjer etter oppskrifter. Der er jo eit hav! Internett'n skuffa ikkje, og oppskrifta var redda. Oda var sjølvsagt ivrig medhjelpar. Hedvig syns òg det er veldig spennande å fylgje med når me lagar mat, og vil helst sitta på armen. Det er ikkje så lett når ein skal baka, men frå høgstolen sin hadde ho god oversikt og sat forbausande roleg forbausande lenge :)

Oda lurte på om ho kunne laga ein fastelavns-zebra istaden for ein vanleg kjedeleg bolle, og jobba lenge med saken.

Medan bolledeigen heva sette me pizzadeig til laurdagskveldsen. Og når fastelavnsbollane var komne i ovnen var me så godt igang at me sette endå ein deig. Då skulle det passa inn med laging av pizzafyll, utbaking av pizzadeig, barne-tv og felles måltid, og midt inni der ein stad innsåg eg at det kanskje var vel optimistisk å få alt til å klaffe. Likevel vart det vaniljefyll i dei fleste små kveitebollane i siste parti, og om eg så må få sei det - det smakte nydeleg!

Imorgon tek me sundagsturen til svigers, og då får me håpa at ikkje bestemor har bakt, for me planlegg å ha nylaga fastelavnsbollar med på lasset.

No skal storsjarmøren Alexander Rybak spele eventyr-låta si for siste gong ikveld, og han skjemmer jo ikkje ut tv-skjermen den guten!

God laurdagskveld!

5 kommentarer:

Min Verden Hanne sa...

Mmmm - boller skal vi ha i morgen også. Fasterlaven... heldig du som fikk en kvist. Her i huset er det slutt på sånne ting. Må nok lage selv eller kjøpe her gitt. Glemmer hvor stor hun er :) Kos deg mens de er små. Det går for fort. H.

Rønnaug S. sa...

Så kjekt med boller. Her er de også klare, til stor glede for alt vinterferiebesøk. (Særlig siden farmor sine blei av typen steinharde og flate. Uvisst av hvilken grunn. Men de kan kyra kose seg med...)

Her er det skirenn og jeg skal ut å dele ut saft til alle som gidder ut i dette været...

Vi snakkes til uka. Kommer på kontoret i 12-tida tirsdag.

Ingrid sa...

Så bra at de er friske igjen og dei bollane såg veldig go ut.vi er bedt til SkinloSharp i dag så eg slapp å bake.

mali-mo sa...

Ja, jeg blei rett og slett litt overrasket over at de ikke fikset en kvist i barnehagen, så her er det tomt ;)

Bollebakingen har jeg TENKJT på hele helgen, hehe, men det fins vel mandagsboller og ? ;)

Har hatt influensaen på besøk vi og, og jeg har vært 1 dag på jobb de siste tre ukene! Utrolig langvarige greier. Ble s lei av sjukdom her at jeg impulsbestilte Hellastur til slutten av april. Herlig!!! Da er vel våren kommet og all sjukdom et bleikt minne, men det blir nok bra med ferie likevel ;)

God søndag og god bollegnasking!

Trollkåno sa...

So flinke de har vore å bake.....ja, no får me håpe at helsa held seg god og stabil leeenge.

Related Posts with Thumbnails