måndag 16. februar 2009

Måndag

Mandag igjen, etter det som visstnok var ei helg like lang som alle andre. Det berre føltes ikkje heilt slik med alt som har stått på. Då er det jammen godt at familien min tek ansvar, og gjer at me får ein ekstra sundag i heimen - alle fire. Ingen klagande utbroderingar, eg berre konstaterer at eg er den einaste i rosaheimen utan feber, og at det antakeleg ikkje vert jobbing på meg imorgon heller.

Dei siste to vekene har eg hatt friske tulipanar på skjenken min, og eg syns det er så fint! Den fyrste buketten fekk eg heilt overraskande, etter at ein liten gut hadde vore hjå oss ein heil dag. For oss var det berre kjekt - Oda hadde selskap, og eg trong ikkje aktivisere og underhalde. Den andre må eg tilstå at eg kjøpte sjølv no til helga. Det er noko uendeleg friskt med desse blomane, som gjer seg godt i kalde vinterdagar.
Til slutt må eg berre anbefale ein film, som eg og Oda såg i føremiddag. Tårene trilla hjå oss begge (det er fyrste gong eg har sett ho reagere slik på ein film), då me fylgde 8 år gamle Fia, som hadde ei mamma som ikkje klarte passe på ho. Mor til Fia var meir opptatt av å nyte eit utsvevande liv enn å passe på jenta si. Fia vart plassert hjå forsterforeldre, men det er sjølvsagt ikkje lett for ei jente som må passe på mora si, å innrømme at ho syns det er fint å ha ein trygg heim hjå nokon andre. Gjennom heile filmen møter Fia klovnen Bustic, som gjev ho sjølvtillit, venskap og tryggheit til å finne seg sjølv.

Ein utruleg sterk og veldig fin film, for både store og små. Og aller helst, store og små saman!

Håpar de har ein god måndagskveld, og held dykk unna den hissige influensaen som me har stifta kjennskap med!

4 kommentarer:

Jill i Fyra Rum och Kök sa...

Så fina tulpaner. Härlig rosafärg!

Hoppas du får en fin tisdag.

Rønnaug S. sa...

Så kjekt med en filmanbefaling. Den skal jeg huske. Og de tulipanene er jo bare vakre. Men feberen, den kan dere ha for oss. Ta tak i den og plasser den under kjøkkengolvet. Der kan den sikkert gjøre en god gjerning med å holde vannrøra i tint tilstand;).

Rolige dager på kontoret. Men vi savner deg her. Håper alle snart er friske att!!!!!!

:)

lena sa...

Den filmen såg eg og Oliver og! Hadde omtrent den samme effekten på oss, uvanleg stille under filmen og mange spørsmål etterpå:)

Nikoline sa...

Så nydeleg tulipancollage du har fått til!!
Ang.korta me snakka om før jul,eg er totalt blank! Det einaste eg ynskjer er at teksten er i samme skrifttype og teksten den samme slik det er...Tenkjer litt "gammeldags"og duse fargar og resten er opp til deg *kremt* (var eg ikkje "kjekk" no...??)
Håpar de er på beina att alle mann og ynskjer ein god bakedag :0)

Related Posts with Thumbnails