laurdag 14. februar 2009

Eit par varmegrader takk!!

Ikkje mange - ikkje vår. Berre ein liten pause i alle dei kalde gradene, slik at rosafamilien kan få fyllt opp vedlageret (som ikkje lenger er eit lager, men ein søt liten - bitteliten - haug med kubbar), få plussgrader i yttergangen, få att det kalde vatnet på kjøkkenet, og bli kvitt denne hersens influensaen som har teke bustad midt i mellom oss!

Tysdag til torsdag låg mor sjølv langflat med feber. Det er ikkje kvardagskost, skal eg sei deg! Heldigvis rakk eg å bli frisk akurat i tide til mannen vart råka av den samme feberen, berre litt høgare. (Sjølvsagt - mannen må jo dra det eit hakk lenger!) Og jammen santen har ikkje Odamor òg fått samme greiene. Verken han eller ho er vanlegvis prega av feber, men eg kan love deg at dagen idag ikkje har vore særleg underhaldande i rosa-heimen.

Dvs - Hedvig har stått for ein heil del underhaldning! Ho syns antakelegvis det var så dørgande kjedeleg her at ho måtte stå for all aktivitet sjølv, og sprang frå ting til ting som ho visste ho ikkje hadde lov til, med meg på slep. F.eks. ut i den kalde gangen med den bratte trappa - eg trur eg har vore etter ho ut dit minst 740 gongar idag!

Men så er dei jo ganske fine og fredfulle her dei ligg og tek ein kvil, sjuklingane mine, og då klarar ikkje ei mor late vere å prestere eit ømt smil. Eg veit ikkje heilt kva som er verst av sjuke menn eller sjuke ungar, men kombinasjonen er uuthaldeleg!



Apropos frose vatn, så vert det naturleg nok mykje god gammaldags oppvask hjå oss i desse dagar. Eg skal ikkje klage på det, for i eit øyeblikk av lykkerus (eller paracet-rus) idag, så tok mannen unna ein stor stabel med oppvask som stod og ropte på kjøkkenbenken. Mandag MÅ me ringe den hersens røyrleggaren og fortelje han at me ikkje på nokon måte kan leve med at vatnet vårt frys kvar gong me ser snurten av ein god gammaldags vinter. Når ein har fagfolk til å gjere jobben forventar ein jo at dei veit kva dei driv med, ikkje sant?


No vert det tidleg kveld hjå oss. Imorgon skal me nemleg arrangere marknad i bygda. Det er den typen tilstelling som ein andre stader kallar basar. Her hjå oss heiter det marknad - uvisst av kva årsak. Det vert åresal, fiskedam, lykkehjul og loddbøker i lange banar. Håpet er at heile familien skal vere med, men eg må innrømme at akurat no er eg litt i tvil. Kva alternativet er veit eg heller ikkje, men den som lever får sjå :)
Nattinatt

3 kommentarer:

Merethe Kristin sa...

Huff, ja slik kan det gå! Her i huset er me også bitt av ein eller annan form for basill - om det er influensa eller sterk forkjøling er me litt usamde om. hihi.

Dei var veldig søte og fine der dei låg så fredeleg ja :) Og det såg godt ut med ein så fin klem som dei låg i, for når ein er sjuk treng ein virkelig kos (det kjenner i alle høve eg at eg treng;) )

God bedring til alle i huset som treng det - og lukka til med marknaden! Me skal spele konsert i dag i Bergen med meg, pappa og Annette sjuke. Interessant! ;)

rod i hob sa...

Sjuke igjen???
Stakkars familien Rosa!!!
Håpa at heile familien fekk væra med på marknad i dag -he he- morsomt at de heiter marknad!!

Sjølv sitte eg heima i stovå å håper på varmegrader eg og. Snøen e kje særlig morsomme å kjøra på syns eg!! God søndag!!

Rønnaug S. sa...

Da er dere i alle fall bønnhørte på det med varmegradene. Håper dere har friskna til att. Ikke kjekt med sjuke menn og unger, ikke å være det sjølv heller, for den saks skyld.

Her har helga vært kjekk på alle måter. Noen bilder er skrevet ut og kanskje, men bare kanskje blir det noe kreativt ut av dem...

Snakkes etter hvert. I morra er jeg i Bergen på ABV og så renner det inne med besøk...

Håper de er friske og ikke har med seg noen ekle viruser (selv om de har gitt beskjed om at de har vært i nærheten av noen sånne...)

Related Posts with Thumbnails