onsdag 25. februar 2009

Eg hadde ein gong eit golv...

Det skjer fort i rosaheimen når det fyrst skjer. Etter lengre tids stillstand er me plutselig igang igjen med oppussingsprosjekt, og det til gangs. Som eg skreiv i forrige innlegg fann me ut det var på tide å setje igang med yttergangen. Som tenkt så gjort. Igår ettermiddag var svigerfar på plass, og med hjelp frå ei svært arbeidsvillig Oda sette karane igang med å rive opp golv. Fyrst eitt.

..så eitt til..



..og til slutt taket i kjellaren. Skal det vere så skal det vere, og tek ein fyrst opp golvet så er det jo best å gjere det skikkeleg.

Slik ser mitt kvite kjøkkengolv ut når to arbeidskarar har vore innom matstasjonen. Eg fekk gleda av å støvsuge 4 gonger og vaske litt attpå, men kva gjer ein ikkje med smil om munn når me no er igang!


Trappa heng i lause lufta! Eg torde ikkje fylgja Oda opp ikveld, det måtte fint pappaen gjere. Isolasjon er på plass, og i skrivande stund er sponplatene til underlag so og seie klar. Flinke karar!
Me har dessuten (med god hjelp frå ein praktisk og erfaren svigerfar) funne ei genial løysing på garderobeproblemet! Det gjer at me må leggja om nokon andre planar, men det skal nok gå bra. Eg har dessuten byrja å lure på om me skal male tømmeret i gangen òg........?

9 kommentarer:

Annika sa...

Dette såg spennande ut! Veldig kjekt med nytt golv - det fekk vi i haust:D Lukke til!

rod i hob sa...

Tusen takk for kjekke kommentara hos meg;-) de sette eg ekstra stor pris på i desse dagar!! Så kjekt med oppussing av gangen -der e me og!! Bare ikkje SÅ møje som ska jeras hos oss! Skifta tak og mala veggene..... Men de blir ikkje akkurat nå for min del...

God Natt!!

Nikoline sa...

Å stakkars folk!!
Det der såg ikkje kjekt ut å bu oppi... men det er jo ei stor trøst at det skal verta så mykje betre!
Gler meg til å sjå framgangen i arbeidet. Det med å mala/ikkje mala tømmerveggar er heller ikkje enkelt...men ein "mellomting" er me komne fram til ang. gangen i Gjørid-stova. Dvs. eg har bestemt meg for å "vaska"over den med uttynna maling for å få det lysare i eit så lite rom.Kvir meg til det arbeidet,egentleg..
Ha ein fin dag :0)

Trollkåno sa...

So bra at de er i gang, og alt er ein overgang, veit du... vert spennande å sjå resultatet.

Christel - Bakketun sa...

Gleder meg til å se den ferdige gangen din :)Spennende!

Takk for kommentar på bloggen min. Man har 2 dråper peppermynte olje i varmt vann og puster inn dampen gjennom nesa ;) Det åpner opp litt så det blir lettere å puste.

Ha en fortsatt fin uke :)

Rønnaug S. sa...

Har du sett. Litt av en jobb, men du verden så kjekt det blir. gleder meg til å se fortsettelsen:) Og ikke minst til å høre om garderobeløsningen:)

Rønnaug S. sa...

Uffda. Håper snuppa snart er god att og at ingen flere får sånne byger. Kanskje noe ho har spist???

Og vi har vært i skogen vår i dag. Helt nydelig. Dere får ta dere en tur i løypene deres ;)Velkommen!!

Henriette sa...

Wow, her går det unna!!! Det er berre så kjekt når det endeleg skjer noko ein har tenkt på lenge! Eg gler meg til å sjå fortsettelsen;)

Ha ein flott kveld.
Klem:0)

Noralill sa...

Oj! Så spennande! Trur det blir ein kjempeflott gang til slutt! Kjekt å vera kome i gang med arbeidet. Ha ei fin helg.

Related Posts with Thumbnails