laurdag 3. januar 2009

Posten skal fram!

Det har eg alltid høyrt, iallefall. Og i den tru lever eg, når eg sitt og ser på scrappe-dill i ein nettbutikk med fysiske lokaler tvers over landet. Eg bestiller til auga vert stort og vått, for eg har jo fått gåvekort og pengegåver til jol! Service og effektivitet frå scrappebutikken er det ikkje noko å seie på - når ein bestiller ein laurdag kveld i romjula, og pakken vert sendt måndag er det slik at eg gliser frå øyre til øyre medan eg klappar i hendene og dansar litt for meg sjølv. Men so er det berre å setje seg ned og venta.

Og venta

Og venta

Og ventaaaaaaaa



Og plutseleg merkar eg at posten sitt gamle slagord har vorte meinigslaust og irriterande!


Jaudå, visst bur eg litt usentralt - ein heil time utanfor Bergen (for sjølv om posten sansynlegvis passerer meg på veg til Bergen, så må alt sjølvsagt innom der for å bli vidarefordelt). Og nei - Hamar er kanskje heller ikkje verdas navle sånn postmessig sett. Men at det skal ta ei heil veke for ei lita pakke å reise frå Hamar til ein stad "sør for Stadt" - det står for meg som heilt ubegripeleg!! Til Posten sitt forsvar kan ein jo sei at me har runda eit nytt år. Med ein heil og ein halv dag fri. Ok - det har "berre" vore 4 virkedagar frå pakka vart sendt. Men er det ikkje slik at posten skal leverast på 1 dag då? Det trudde iallefall eg. Og måndag, når neste sjangse kjem (og då har det gått ei heil veke!), då kjem eg til å springe etter postmannen med snøskuffa høgt heva om han ikkje har ein pakkelapp frå Unikhobby med til meg!


God laurdagskveld!

5 kommentarer:

Henriette sa...

For eit nydeleg bilete:) Fins det eigentleg noko verre enn å venta, og venta og venta.......Hjelper i alle fall ikkje om ein ventar på noko godt, sjølv om ein då ettersigande ikkje skal venta forgjeves;)

Ha ei flott helg.
Klem:0)

Trollkåno sa...

Oi, no er Rosa litt irritert, skjønar eg. Men 4 dagar burde halde....men kanskje dei på Posten er litt trøtte etter all juleposten, og "slappar av" litt?

rod i hob sa...

Posten ja.... SUKK!! Eg like heller ikkje posten. Har du lagt merke til at julekorta har blitt "oppsamla" i år?? Legg dine postkort her sto det på eskene på post-i-butikk filialen her i bygda. Sikkert gode greier tenkte eg.

Det tok ei god veke før dei kom fram til mottakar -som ikkje var direkte langt vekke!! Sjølv fekk eg "alle julakortå" 22.desember -10 stk på ein dag. Det som var synd for meg, var at eg allerede var reist på ferie då! Ja, ja -som regel kjem posten akkurat i det en har slutta å venta :-)

GOD SØNDAG!!

Rønnaug S. sa...

La oss håpe den pakka dukker opp snarest. Det er KJEDELIG å vente. Jeg har netopp spora ei pakke og det har ikke skjedd noe sidenfredag kveld.... Kanskje de tok nyttårsferie???

Men pakker fra PG - de kommer gjerne dagen etter. Kanskje de har en spesialavtale med nevnte vesen. En avtale som de andre nettbutikkene ikke har....

Nikoline sa...

Godt nytt år til deg!Og takk for omtanken,håpar det ordnar seg snart..(går ut i frå at du veit kva det dreiar seg om hvis du har snakka med mammo di...) Det er jo ikkje dei heilt stooore katastrofane,men det tappar ein totalt for krefter og motivasjon til andre ting.Skal senda deg ein mail når eg får tenkt meg litt om..
Så nydeleg header du hadde laga deg!Du hadde liksom fått med "deg" synes eg.
Ha ei god og fin veke i vente!
PS:Hugs å ha snøskuffa i beredskap i morgon,no har du venta lenge nok på pakkelappen!

Related Posts with Thumbnails