måndag 12. januar 2009

Ny veke, nye moglegheiter, og ei hylle endeleg på plass

Så var det plutseleg måndag igjen, etter ei innhaldsrik veke.

Eg har allereie fortalt om frose vatn i kjøkkenet, og regnvatn rennande på innsida av ein vegg. Begge delar har gått bra, og ingen skade har skjedd såvidt me kan bedømme no. Det einaste måtte vere at veggen i gangen plutseleg er platelaus - noko som eigentleg berre framskundar oppussing (hurra!).

No har store isflak komme ned frå taket, og plutseleg - med eit drønn i rekkverket - låg det ei skiferhelle frå taket delvis i trappa og resten nede på bakken. Idag har eg konstatert at hella kom frå 3. nederste rekkje på taket. Dermed kan me henten ha hell i uhell, eller berre meir uhell; enten kjem vatnet frå taket ned på utsida av veggen, eller så kjem det midt i veggen... Me kryssar fingrar!


I tillegg tok vaskemaskina vår ut skilsmisse igår - eller skal me seie separasjon? Ho bestemte seg for å skilje seg av med døra si, noko me ikkje er vidare interessert i å vere vitne til. Rosamannen skal gå inn som meklar, med kraftige våpen som superlim og lange skruar, og me håpar at med litt parterapi vil dei to delene finne saman igjen til fleire år i lukkeleg samkvem.


Ikveld skal mor nok ein gong på scrapperommet med det samme jentene er i seng. Måndag ettermiddag er me nok ekstra trøytte, sjølv om me idag starta den nye veka med å forsove oss i halvannan time. For å seie det mildt håpar eg verkeleg at 2009 kun kan verte betre, med tanke på hus og heim. Eg kjenner oppussingstrangen byrjar å bygge seg opp, og klør i fingrane etter å flekke tapeten av veggane i stovene - hvis eg tør ;)
Under ser du bilde av det nydelege Hedvig-toget som står på hylla over senga hennar. Kanskje eg har vist det før? Den yngste tanta kjøpte det i Paris, og eg syns det er så fint! (Og tante - hvis du skal til Paris igjen vil Oda gjerne ha eit òg ;) )


Heilt til sist - igår fekk me endeleg hengt opp tallerkenhylla eg kjøpte på Biri ifjor sommar. Tanken var heile tida å bruke den til bokhylle - slik hundrevis av bloggarar nok har gjort før meg :) Eg og og Oda hadde ei god økt med rydding og "ombulering", og då jenta såg resultatet var det berre ein ting å sei "Mamma - det er fantastisk!"


Så det så!

8 kommentarer:

Midtbo sa...

Oi, sånt tog har jeg sett før! De solgte det på gata i Pisa i Italia i sommer og jeg synes bare det var så søtt. Men så var det liksom ingen aktuelle småtroll å kjøpe det til der og da, så lot det være. Men bare så søtt laga til! kjekt å se det igjen.

Tove sa...

Kjære vene, er det vel ikkje stor stas med gamle hus?????? Det er berre dei tapraste og modigaste av oss som tek på seg slike prosjekt, veit du... Håper det blir ordnings på det! Ha ein fin tysdag! I dag er eg forresten heime med to ungar som spyr og ein mann som ligg rett ut og ikkje klarer å gå pga betennelse i ein fot...

Tove sa...

Oj sann, gløymde det eg eigentleg skulle seie: jentene dine er så utruleg skjønne!!!! Du må vere utruleg stolt av dei.....

Noralill sa...

Det var mykje uhell på ein gong! Utruleg bale å byrje det nye året slik..men som du skriv; det kan berre bli betre!

Skjønne jenter, som fekk ei kjempefin hylle til bøker!

Lukke til med takhelle og vaskemaskin!

Janne sa...

Huff da får håpe det er slutt på lekasjer og frosne rører for en stund no da. Det å bruke tallerkenhyllen som bokhylle var jo bare SÅ flott påkomme - spørs pm jeg må stjele den ideen til Hanna sitt rom ;0)

Janne

Rønnaug S. sa...

Enig med Oda, jeg. Den hylla er fantastisk.

Ellers kan vi nok godt styre oss for vaskemaskiner som går inn i separasjoner. Her har vi ei som tapper ut vannet når ho sjølv vil. Og som regel vil ho helst holde på det.....

Nå har jeg surra på bloggen og med diverse scrapping. Holdt på å glemme å legge ungene...

De hobbyene kan av og til ta overhånd.

Liv Elin sa...

Uffda- så mye trøbbel på en gang ......håper som du sier at resten av 2009 blir meget bedre !:)

Kjempefin hylle og minitog - har et par sånne liggende i kjelleren , umalte fremdeles - etter lopperundene ifjor sommer....Jeg er ikke flink til å få ting unnagjort for nok - iallefall ikke så fort jeg kunne tenkt meg ! :)

Så stor veslejenta er blitt - søte småtuller du har !:)

~ ♥ LISBETH ♥~ sa...

Sukk, det var mye uhell på en gang, så kjedelig , men da kan det jo bare gå en vei...til det bedre!
Og så kan du trøste deg med a tallerkenhyllen er kommet på pass, ikke verst og flott er den.
Klem

Related Posts with Thumbnails