laurdag 10. januar 2009

Med knivskarpt blikk

Då Oda var på 4 års kontroll på helsestasjonen sist haust fann me plutseleg ut at synet hennar ikkje var heilt som det skulle. Det vart henvisning til øyenlege (eller augedoktoren som me kallar han her i huset), der me fekk koma til 15. desember.

Me snakka eindel med ho om dette, men syns det var vanskeleg å vete kor mykje ein skulle instille ho på eventuell bruk av briller. Førebu, men ikkje skape forventning. Ikkje visste me kva som mangla, og ikkje visste me i kva grad det mangla. På veg til øyenlegen den dagen viste det seg at jenta var redd ho måtte ha briller! Grunnen? Jau, då var ho sikker på at venene i barnehagen kom til å le av ho. Eg må sei det sette ein støkk i meg, at ei jente på 4 år tenkjer slik, og eg la meg i selen resten av turen for å bygge opp positive assosiasjonar til både vaksne og born som brukar briller.



Etter timen hjå øyenlege, der han hadde konstatert ei lita skeivheit på hornhinnene og + 3 i langsyntheit på begge augene tok me ein tur på brillebutikken som høveleg nok held til vegg i vegg med øyenlegen. Og til prinsessa si store glede hadde dei fine briller der i alle regnbogens fargar - tilogmed rosa, raude og lilla! Og verre var det ikkje - jenta ville ha briller, akurat slik øyenlegen anbefalte. Ho fekk endåtil låne med seg eit par for å prøve litt, og med foreldreførjolskaffi i barnehagen den dagen fekk ho full uttelling. Alle ville sjå, og alle syns ho hadde finfine briller.
Onsdag denne veka henta me dei ferdige, raudlilla brillene, og idag har me vore tilbake i brillebutikken for å få dei endå litt betre tilpassa. (Å vere 4 år og sjå ut som Rolv Wesenlund med brillene på nasa er ikkje det heilt store.......)Det er ikkje lett å venje seg til, verken for ho eller oss. Ho tek brillene av og på mange gongar for dagen, og litt mas vert det for at ho skal hugse på å bruke dei. Eg må innrømme at eg skvett litt til kvar gong eg ser ho med brillene på, for det er som ei ny jente eg har fått i hus. Plutseleg vart det veldig viktig å få vekk den litt for lange panneluggen, slik at ikkje heile det fine ansiktet vert gøymd.

Forhåpentlegvis går det seg til, så Oda og brillene vert eitt, og mor venjer seg til å sjå dei blå augene i ramme og glas. Og aller mest håpar eg dei hjelper ho i kvardagen, slik det var meininga....

15 kommentarer:

Merethe Kristin sa...

Nei så rart det er å sjå Oda med briller! Men ho er fortsatt den nydelige, munnrappe jenta vår :D

Må nok litt tilvenning til, men det skal nok gå fint ;)

Får håpe dei fungerer som dei skal, slik at ho slepp å "sjå med nevane" :)

Rosa sa...

hihi, eg tvilar sterkt på om brillene gjer at ho sluttar å "sjå med nevane", det er nok meir hennar natur ;)

mali-mo sa...

Skjønne jenten din ;) er nok en overgang å gå med briller ja, sier eg, som knapt klarer å bruke solbriller om sommeren ;) Men så trenger eg jo ikke dem for å se godt heller då ;) Hun vble så stor med brillene på, nesten skolejente ;) SØT!!!

mali-mo sa...

Og nye headeren var flott!!!

Tove sa...

Så skjønn ho vart med briller! Det var akkurat same historia med midti-jenta vår. Fekk seg briller i sommar, og det har gått heilt fint. Ho brukar endåtil lapp. Ungar er enkle og greie, og eg har aldri høyrt at ho har vorte plaga pga brillene. Ho må ha masse lykke til! Med oss vart det nokre turar att og fram til brillebutikken for finjusteringar etc., vi har sågar fått svakare glas i brillene. Så no er alt tippers toppers!

OdaAnna sa...

Så fin jente du har! Ikke lett det briller, klart man trenger en tilvenning, både mor og datter:) Fint navn hun har foresten...min jente også født i 04-, heter Oda og:)

Noralill sa...

Ei kjempesøt jente med flotte briller! Eg er heilt sikker på at dette kjem til å bli veldig bra...

Ha ein fin sundag!

Anonym sa...

So fin ho vart !! :) Dette skal nok gå kjempefint :) Tante H.

Trollkåno sa...

Fin med briller!
Vart mykje "eldre", liksom.
Lukke til!

Frøken Englefjes sa...

Fine nye briller og tenk så godt det må være å endelig se skikkelig! Min lille niese på 2 fikk briller i høst. Hun begynte å skjele og da de gikk til øyelegen fant de ut at hun hadde både skjeve hornhinner og 5 i styrke! Stakkars, hun må jo ha sett ganske dårlig...Til å begynne med var det uvant, men nå liker hun dem kjempe godt. Men hun vil ikke ha dem på hvis de er møkkete;) Så husk rene briller og lykke til!

Liv Elin sa...

Så søt hun ble med de nye brillene ! Så flott at det har gått så greit i barnehagen , uten at hun er blitt ertet for de.....

Eldstegutten vår fikk briller til å bruke i timen , når han leser og ser på tv - for et par år siden...
han taklet de derimot ikke så godt ,da han til stadig fikk kommentarer fra andre på skolen om brillene....
Det går litt bedre nå , så nå får han iallefall brukt de i timene på skolen som regel , og han synes det ikke er fullt så flaut/ubehagelig nå...

Tusen takk for hyggelig kommentar hos meg !:)
Ha en flott søndag

Nikoline sa...

Ingenting i vegen for at den jenta kan ha briller på nasa,ho er like fin uansett! Men hugsar med gru då yngste vår skulle ha briller,ho var 7,og det var ikkje akkurat innfatningar å "fråtsa" i for 20 år sidan...Ho var jo også svært avhengig av synet i forhold til oss høyrande,og innfatninga tok noko av sidesynet. Men MÅ me så MÅ me..eg var 12 då eg fekk briller... ikkje noko ideell alder det heller..
Det går nok flott med Oda vil eg tru.
Skulle gått på kurs hjå deg og lært meg stjernebok... dei er SÅ FLOTTE!
Ha ein fin søndag.

rod i hob sa...

Heia!
Så søt ho var me briller :-) Hb for hennas del at det bare blir positive opplevelser!! Eg hadde SÅ lyst på brille når eg va liten, for bestevenninnå mi hadde :-)

Når eg "endelig" fekk mine briller, va eg 18 år, hadde nettopp fått lappen satt fremst i klassen uten å sjå ke som sto på tavlå. Eg e nærsynt -å for meg blei de endelig en heilt ny verden når brillene kom på plass!!

Nyt resten av sundagen!!

Rønnaug S. sa...

Så fline briller. Ho kler dem kjempegodt. Og etter hvert komer det til å bli uvandt å se henne uten. Jeg synes min eldste ser litt rar ut uten ;) For ikke å snakke om meg sjølv...

SÅnn er det å være "født med briller" som naboene mine før i tida trudde at jeg var :)

Linda sa...

Dar vart jenta plutseleg STOR...
og ho passar jo flott i briller! lik mor si er ho, med brillene på;)

Det går seg nok til.. det med å huske å bruke dei..

Related Posts with Thumbnails