torsdag 8. januar 2009

Lilla stjernebok

Den fyrste helga i november, då eg hadde ei heil helg berre til meg og scrappesakene, då fekk eg laga mi andre stjernebok. Planen var at eg skulle lage to slike før jol, slik at besteforeldra til jentene fekk kvar si, men eg måtte til slutt innsjå at det var enten stjernebok eller ei rekkje andre joleførebuingar. Løysinga vart at mine foreldre fekk eit gåvekort på stjernebok, medan svigerforeldra mine fekk denne med lilla som hovudfarge.

Bildene er av jentene frå august -08, jola -07 og sommaren -08. Til dekor har eg brukt papirrestar frå mønsterark og einsfarga kartong som vart delt opp for å lage boka. Eg hadde akurat fått Silhouette-maskina mi, så her er mykje svirlar og utskorne retroblomar. (Igår fekk eg ny kniv til maskina i posten, så ein av dei næraste dagane skal eg forsøkje å skjære ut slikt igjen). Eg valde å printe alle bileta i svart-kvitt for å få eit meir einheitleg uttrykk. Mest fordi lys og fargar på bileta var så forskjellig i.o.m. at dei var henta frå ulike årstider.


















Eg held på med ei ny stjernebok, og denne gongen tek eg litt bileter undervegs, så de kan få sjå kvifor det tek litt tid med eit slikt prosjekt.



P.S: Igjen har det vorte nokre dagar sidan sist innlegg; Vatnet på kjøkkenet er no tint oppatt, etter iherdig innsats frå rosamannen og pappen min. Musa i skapet har ikkje vist seg, og så lenge jentene ikkje er svoltne og trøytte er dei ganske snill og blid. Eg har tilogmed fått alt eg bestillte frå scrappebutikken! Idag har det regna konstant, sjølv om det har vore frå 1 til 4 minusgrader. Dette betydde vanvittige køyreforhold og eit ispanser på heile bilen (og alt mogleg anna), men aller mest frustrerande er det at snø, is og regn saman har gjort noko med ei eller eit par heller på taket vårt, som gjer at det ikveld renn vatn nedover veggen - på innsida! Det er i ein yttervegg me ser vatnet, og foreløpig er me litt usikker på omfang og eventuelle skadar. Håpar berre det ikkje trengjer inn i panelplatene på kjøkkenet, som ligg vegg i vegg med trappegangen......

4 kommentarer:

Trollkåno sa...

Flott, den stjerneboka.
Gler meg til gåvekortet vert "innløyst".
Håpar det går bra med tak og vegger hjå deko...

Rønnaug S. sa...

Så nydelig boka blei. Skal bli kjekt å se den andre også.

Men vann inne???? Det høres ikke ut som det helt store. Får håpe det ikke er noe som varer ved.

Ha ei god helg :)

Anne sa...

Kjempe fin stjernebok!! Kan tenke meg at det tok tid å lage denne flotte boken! Ha en fin helg:)

ingridmarie sa...

So flott den stjeneboka vart!! Må tilstå at dette var første gong eg har høyrt om slike stjernebøker-So flott illustrert på det siste biletet!! Stakkars dåke-tøff start på nya året med iskaldt hus og is på vegane, mus og frosne vassrøyr-Berre ein av delane hadde jo vore meir enn nok å håndtera!! Godt at du har nevenyttige folk rundt deg!! Vi har og mus i huset-men vi har vore på helgatur til Voss og henta heim to stk fantastisk flotte musefangarar.. To nydelige kattar:) No skal vi to vaksne slenge beina på bordet og nyte kvelden i ro og fred. Må berre tenne i peisen først! Ynskjer dåke ei varm(are) og musefri helg!! Varm helsing frå IngridMarie

Related Posts with Thumbnails