laurdag 24. januar 2009

I morgon

...har vore meir som ei lita gulrot for meg siste veka. No er jentene so og seie friske igjen, og mannen i våre liv har funne vegen heim - til STOR gleda for oss alle! Hedvig har hengt som eit frimerke om halsen på pappen i heile dag, og eg fekk sova til langt på dag, før eg kunne vakne i mitt eige tempo og få servert ekte trailerfrokost. Då er ikkje livet så verst!

Men det var altså imorgon - då tek mannen med seg jentene til svigers, medan mor sjølv vert att heime. Til dagleg har me visse utfordringar i logistikken med barnehagar og jobb, og i særdelesheit mandagane når mannen er bortebuar pga korpsøving i Bergen . Når eg, som logistikkansvarleg då tek meg den friheit å reise på todagars reise vekk-kurs med jobben lyt det ekstrakrefter inn i bildet. Heldigvis ordna det seg denne gongen òg.
Dermed får eg plutseleg ein frikveld heilt for meg sjølv i heimen! HURRA! Det vert til at eg legg tusen planar for alt eg har lyst å gjere, og så gjeld det då å passe seg så ein ikkje vert stressa fordi ein ikkje rekk å kose seg nok... kanskje fleire har det slik?

Måndag set eg meg på Bergensbanen (altså på eit tog, ikkje på sjølve banen/skinnegangen), og for fyrste gong skal eg av toget midt på fjellet, på banens høgaste punkt. For å seie det slik håpar eg ikkje Finse er fullt så nedsnødd som på biletet under ;) Eg gler meg til interessant kurs, godt selskap, ei natt på hotell og forhåpentlegvis god mat. Eg ser heller ikkje vekk i frå ein aldri så liten reiserapport - laptop'en lyt sjølvsagt vere med på turen!


Då står det berre att å ynskje alle ei god helg vidare, og pass no på så du ikkje havnar i same uføret som Jakob Sande her skildrar så levande:

Etter ein rangel

I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,trur eg.
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,men synge åndelege sanger i Zions bedehus,
trur eg.

Alle kvinnfolk som eg møtar skal eg sky som bare fan,trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,trur eg.
Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring,og drikka kaffe medan drøset går um andelege ting,
trur eg.

Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt, trur eg,
koma ruslande på heimveg utan stivety og hatt, trur eg.
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,og stå opp når hanen flakser og gjel i morgonsol,
trur eg.

Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt, trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt, trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrstat eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,
trur eg.

Jakob Sande

8 kommentarer:

Tove sa...

God tur til Finse! Dersom du treng litt ekstra lesestoff i bagasjen, kan du alltids ta med "1222" av Anne Holt... Men då kan det hende at du treng ein sengekamerat å klamre deg til...!!!

Henriette sa...

God tur, og nyt kurset. Kos deg og i eit stille hus, der du kan gjere nett som du vil, når du vil:)

Eit lite scrappespørsmål:
Tenkte eg skulle prøve meg med Distress ink, og rekna med det skulle vera enkelt å finne. MEN, det var jo ikkje mindre enn 12 ulike nyansar og velje i! Har du ein favoritt nyanse, som passar til det meste?

God tur, og god helg.
Klem:0)

ingridmarie sa...

Nyt vel fortente fridagar på Finse!! Eg skal på ein tur med jobben til Berlin om to veker, frå torsdag til mandag.. Har igrunn kvidd meg til å vere vekke frå mann og barn, men no må eg innrømma at eg e begynt å gleda meg :) Tenk å få sove opptil fleire netter utan at nokon kjem trampande opp trappa og krev "sin" plass under mamma si dyne :) Etter ein periode med sjukemeldt mamma(meg) med vond rygg, og sjuk veslegut med hoste og forkjøling so har eg blitt møtt av ein bestemt liten kar; Mamma lalle her! Altso i hans seng. Hm-korleis i all verden skjedde det? Må prøve å ikkje smelte, men sei bestem. Nei, mamma skal ligge i mamma si seng.. Ikkje lett det der. Nyt Finsetur og kursing!!Varm helsing IngridMarie

Noralill sa...

God tur til Finse! Kjekt å koma opp i fjellheimen på denne tida...maasse snø!

Janne sa...

Du får ha go tur te Finse, godt med noen dager uten mann og barn, og ikke minst et stovebytte ;0)
Takker SÅ masse for Awarden du sendte til meg, har ikke fått gjort noe med de enno - men til kvelden da kanskje. Flott stjerne bok du har laget igjen :0)

Klem Janne

Liv Elin sa...

Så herlig med noen dager for seg selv - med barnefri og kurs ! :)
Det gjør jammen godt for sjel og sinn !:)

Vi har hatt en herlig helg i byen med både barnefri , litt shopping og julebord - og må si det var godt å ha noen timer for seg selv ,uten noen små som trenger sitt .....
Men du og du så deilig det var å komme hjem igjen til de også da ! :)

God tur til Finse (der var jeg på ekskursjon for maaange år siden med gymnaset - og det er jammen nydelig der - også på vinterstid !:)

klem fra meg

Rønnaug S. sa...

YESSS. Nå er snippsekken snart pakka. Har netopp sjekka kamera og håper på litt tid til det. Ei natt på hotell er ikke å forakte og nå fortjener vi det, både den ene og den andre.

Ta med laptop??? Kanskje jeg skal bytte sekk? og ta med privaten??? Tenke, tenke.

SEE YOU IN THE MORNING. Men ikke så alt for tidlig :)

Nikoline sa...

Ei natt på hotell er ein god "ladar",og eg trur du treng det no...
God tur og KOS deg på Finse!
PS:så koseleg at du hadde med litt av min favoritt;Jakob Sande! (og når Jon Eikemo (min 2.favoritt!) les dette,er eg nesten "hinsides"...)

Related Posts with Thumbnails