torsdag 1. januar 2009

Godt nytt år!

Eg har jo eigentleg ynskt blogglandia eit godt nytt år, men no gjer eg det igjen - med bilder frå nyttårsfeiringa vår.

Oda klarte nesten ikkje sovne igår kveld, og vakna klokka 6 idag tidleg i rein spennig fordi ho skulle gå jolabukk saman med tanta si og nokre små vener i ettermiddag. Fekk heldigvis lurt ho til å sove litt meir, men det vart likevel ein lang dag med venting før ho endeleg kunne ta på seg maska og gå runden til bestemor sine naboar. Ho hadde sunge "på låven sitter nissen" av hjartans lyst til alle som opna døra, og fånyttes prøvd å få dei andre små med seg i songen. Belønninga var mykje godt i sekken.

Ikveld har me ete pinnakjøt og hatt godt selskap. Hedvig la seg tidlegare på kvelden, medan Oda haldt ut heile vegen til midnatt. Ho hadde sterke anfall av den velkjende "ventesyken", og prøvde å fylle tida med m.a. å sende opp sine eigne rakettar (slik dei gjer i barnehagen kvar gong nokon har bursdag). Til slutt runda me nyttår med smell og røyk, og då syns ho eigentleg det var ganske skummelt med heile fyrverkeriet. Stjerneskot var derimot stor stas! Og utruleg nok - Hedvig vakna ikkje av larmen rett utom soveromsglaset... Med bilder frå overgangen til 2009 seier eg takk for det gamle og god natt!







4 kommentarer:

rod i hob sa...

GODT NYTTÅR :-)
Litt sleten ette nyttårsfeiring ut i dei små nattetimane samen med gode vennar! MEN FORNØYD!!

Rønnaug S. sa...

Får en kjekk julebukk. Og dere så også noen flotte raketter, kan jeg se.

Vi koste oss stort på Vangen, men sate stor pris på å komme heim att til den store stillheten :)

GODT NYTT ÅR!!

Linda sa...

Gody nyttår til alle 4 i rosaheimen!!!

Hedvig og Oda blir så store!!! heilt utruleg...

Noralill sa...

Eit riktig godt nytt år til deg òg! Håpar me bloggast i det nye året òg...Og kanskje me møtest på neste loppis...?? Kven veit...

Related Posts with Thumbnails