måndag 26. januar 2009

Finse 1222

Eg er ikkje noko naturmenneske, det kan både eg og alle som kjenner meg signere i mange eksemplar. Men når eg no befinn meg på Finse 1222 er det ikkje til å unngå at ein vert litt facinert. Særleg ikkje når naturen viser seg frå si aller aller beste side, slik som idag. Då me steig av toget slo lyset imot oss, og den gode lyden av knirkande kald snø flaug inn i øyrene idet me bevega oss mot hotellet. Lyset er heilt fantastisk her oppe!

Her er nok ikkje så mykje snø (antar eg) i forhold til det som kan vere, men til gjengjeld er her mykje istappar av respektabel storleik.

Her er òg bevis på at vinden vanlegvis susar om hushjørna, for ein del av istappane har faktisk "vakse" i sving!
Innandørs er her mykje historie, i sjølve bygningane og ikkje minst i interiør og rekvisittar. Denne klokka - eller, i dette tilfellet høver det seg best å sei "dette uret" - kjem nok frå ein storkar frå tidlegare tider..

Møterommet vårt ligg slik til at me verkeleg fekk sjå det fantastiske lyset som endra seg i takt med sola sin gang over himmelen, og ned bak fjella. Frå blendande kvitt, til ulike nyansar av blå, med fantastisk rosa skjær i toppane. Sjølv om augene ofte vart dregne ut mot dette vakre lysspelet så har eg faktisk klart å fylgje med ein ekstremt interessant foredragshaldar og spanande diskusjonar innanfor staben.


Ikveld fekk me ein fantastisk middag, med gresskarsuppe, ein himmelsk mør mørbradbiff, og dessert med pasjonsfrukt og jordbærsaus som verkeleg sette prikken over i'en. (Sjølvsagt har ting eit litt finare namn i ein hotellrestaurant, men akurat no hugsar eg ikkje anna enn innhaldet, som var aldeles nydelegt!)

Eg er nok ikkje den einaste som har lese Anne Holt si bok om Finse 1222, og med den relativt friskt i minne har eg rusla litt rundt idag og småflirt for meg sjølv. Her er ravna som i boka vart feia ned då det byrja å storme. Her er togvogna mellom to bygningar (men den må eg få teke bilder av imorgon), og dei ulike bar- og salongområda som så levande vert skildra av Holt. Som ein kuriositet for dei som kjenner boka kan eg nevna at eg er her saman med minst 4 prestar, men her har vore befriande lite dramatikk, og som sagt - vèret har vore upåklageleg!

Dermed reknar eg med at etter ei god natts søvn i herleg nyrulla sengetøy og nokre timar i møterommet, skal me koma velberga heim imorgon, med nytt pågangsmot og ein ny giv i ein kjekk men travel kvardag!

6 kommentarer:

Henriette sa...

Så flotte bilete, og eg må sei eg vart litt fasinert av istappane som har vokst i "vinkel".....

Ha ei flott dag
Klem:0)

Rønnaug S. sa...

ÅJA: Underskriver alt sammen. Virkelig aldeles helt nydelig.

Og heim kom vi, begge to. Uten dramatikk av store slag. Men jeg glemte at jeg hadde lovt de to største å hente dem i skiløypa...

Janne sa...

Ser ut som du har det flott på finse ;0)
Det ligger en utfordring til deg i bloggen min, ta turen innom da vel...

Trollkåno sa...

Hei!
Har ei utfordring om du har lyst.....ta ein tur innom.

rod i hob sa...

Så flotte bilder!!
Eg tenkte me ein gong på Anne Holt når du sa du sku te Finse 1222 :-) Me har endelig og kome heim igjen. Alltid godt å komma heim!!

Liv Elin sa...

Så flotte vinterbilder fra Finse! Hører u ttil å være et drømmekurs !

Hvis du har mulighet og været er bra - så anbefaler jeg deg å ta en tur opp til Blåisen - fantastiks lys der oppe og !(ikke er det så bratt å komme seg dit heller !:)

Related Posts with Thumbnails