laurdag 31. januar 2009

Favoritt-ting på ein nydeleg vinterdag

Eg fekk utfordringa om å vise favoritt-ting frå heimen hos Nikoline, og den vart visst vanskelegare enn eg trudde! Her er jo så mange ting eg er glad i, frå små duppedittar til store møblar. Nytt og gammalt, noko fått og noko kjøpt. Frå den fine retro-radioen på kjøkkenet, til den gamle skjenken i stova, med originalt skuffe- og hyllepapir. Og det har vist seg at å velja er igrunn umogleg. Oppgåva er for vid, rett og slett. Men så, her eg sitt med eit glas raudvin i handa og ser rundt meg i den stille stova, ser eg den aller vakraste av alle englane mine. Då klarte eg det likevel......



Denne fantastiske skapningen fekk eg til jol hjå mannen min, heilt overraskande (forklaring: som oftast kjøper me til kvarandre noko den andre har spesifisert at er ynskjeleg. Denne hadde eg ikkje ynskt meg, men han kjenner meg godt nok til å vete kor overmåte glad eg er i englar!), og det er inga overdriving at eg fekk tårer i augene då eg såg den. (Bileta her er frå jola, derav det trearma ljoset attmed.)

Puh - jammen godt å ha fått den utfordringa ut av verda. Kanskje eg skal gje nokon andre den samme vanskelege oppgåva? Strikkesaken, f.eks.? Og Ingrids Ull og Tull.

------

Dagen idag har vore heilt nydeleg! Sol frå skyfri himmel som glitra i det vesle me har av snø gjorde valget lett - me måtte ut! Då rosamannen fòr på øving (ja, iløpet av dei neste 8 dagane er det berre ein kveld han ikkje er på øving eller konsert. Jammen godt han har ei tålmodig kone, ikkje sant? :D ) kledde me jentene oss og sette kursen oppover bakken. Der visste me at 3 av søskenbarna til jentene befann seg, og er det noko Oda syns er kjekt her i verda, så er det å tilbringe tid med søskenbarna sine! Hedvig ser ut til å dele den oppfatninga, og har lagt si elsk på den eldste av jentene i flokken. 11-åringen på si side verkar som ho kosar seg med å passe på og bere rundt på den vesle fjøra mi, og det gjer jo ikkje meg nokonting at me er fleire til å springe etter raketten.

Som nevnt er det ikkje mykje snø me har, men nok til at ungane storkoste seg med akebrett i bakkane. Seier ikkje dette fjeset alt?


Då ynskjer eg alle ei god helg vidare, medan eg tek ein sup raudvin og slentrar gjennom blogglandia på kveldsvisitt.

5 kommentarer:

Liv Elin sa...

For en nydelig engel - ikke rart du fikk tårer av en så flott gave !
Har også sansen for engler i ymse former og varianter jeg også - og denne var kjempefin !

Ha en fin lørdagsnatt !:)

Annika sa...

For nokre herlige smil på dei to små. Det er kjekt å sjå at det er gode verdagar på fleire kantar av landet!!

Ha ein god søndag:)

Noralill sa...

Herlige små! Og de er heldige som har litt snø, her er det berre is men heilt bart...

Fekk veldig lyst å sjå både retro-radio og skjenk med originalt hyllepapir eg...

Ha ein fin sundagskveld!

Nikoline sa...

Var litt spent på om det skulle koma ein vakker engel frå denne kanten,ja...
I sin opprinnelse var det mange ting ein kunne visa,kven som kom til at det berre vart 1 veit ikkje eg...
Fargen på veggen er lys beige,ja.Veldig rein og varm vart den.Vanilje virkar litt "skitnare" og mørkare om du forstår kva eg meinar. På kjøkkenet har eg "Dun",den er også fin (og beige),men litt mørkare enn i TV-stova.
Ha ei god og ny veke i vente.

rod i hob sa...

God morgen og god mandag!!!
Herlige bilder frå akebakken :-)

Related Posts with Thumbnails