torsdag 15. januar 2009

Eg tenner eit ljos

Dei siste par dagane har tankane gått til ein liten gut i bygda. Ein niåring har for andre gong i sitt korte liv vorte råka av det verst tenkjelege - kreftsjukdom. Han er innlagt på sjukehus, har teke ein stor operasjon, og kjempar for livet.

Slikt set ting i perspektiv. Kva betyr vel ein takstein mindre eller ei mus i skapet? Kva betyr vårt kvardagssyt og -mas? Og sjølv om eg har ei febersjuk og hostande jente ved sida mi i sofaen no, så er jo det ein mikroskopisk bagatell, i forhold til den utenkjelege situasjonen eit foreldrepar me kjenner er i. Å ikkje vete, berre klamre seg fast i eit håp om at det finst rettferd, om mange somrar i vente for ein livsglad gut. Eg klarar ikkje tenkjer tanken fullt ut, eller setje meg inn i kva dei går igjennom. Eg kan berre sende all verdas varme tankar og håp, og tenne eit ljos i den mørke vinterkvelden.


8 kommentarer:

moni sa...

så flott å tenne et lys for han og sende tanker og håp. Livet er mange ganger så innmari urettferdig og uforståelig, men dete r nok ikke alt vi skal forstå desverre...

Henriette sa...

EIn føler seg så makteslaus i ein slik situasjon. Kan ikkje gjere så mykje meir enn å sende varme tankar og bøner. Kjenner eg vert kald berre eg prøver å setje meg inn i situasjonen....

Skal be ei bøn for familien i kveld.

Klem:)

Blått er flott sa...

Stakkars mennesker, det setter virkelig ting i persektiv!
Håper det går bra med gutten, og at han blir frisk igjen!!

Tove sa...

Eg kjenner hjartet vrir seg i smerte.... Tenner eit lys i kveld eg òg!

rod i hob sa...

Stakkar liten...

En liten oppmuntring finn du hos meg!

Liv Elin sa...

Uffda- livet er ikke alltid like rettferdig og forståelig .....

Håper og ber om at gutten klarer strabasene nok en gang !

klem til deg fra meg ! :)

Tove sa...

Ligg noko til deg på bloggen min!

Nikoline sa...

Uff,så trist lesning på bloggen din i dag..Ein får litt å tenkja over i slike situasjonar,og set ting i eit litt anna lys.
Eg gjer også som deg i liknande høver,tenner eit lys og tek ei "tankestund".
Får håpa alt endar bra.

Related Posts with Thumbnails