søndag 18. januar 2009

Eg kosar meg

Huset er stille, det knitrar i vedovnen. I koppen har eg varm kakao, og i magen har eg to knekkebrød med herleg heimelaga plommesyltetøy frå ei av mine gode kollegaer. Ungane søv trygt - minstemor med litt feber og nokre hostebyger, men likevel i roleg søvn. I bakgrunnen syng Radka Toneff "It's been a long long day", og det har ho igrunn rett i. Mannen reiste til Kongsberg i føremiddag, og skal vere vekke til fredag. Og sidan den heilt oppriktige tanken om å komma seg tidleg heim frå gårsdagens feiring på eit eller anna tidspunkt smuldra vekk, så har nok mor vore litt trøytt idag. Eigentleg er vel det berre eit godt bevis på at me hadde det kjekt - knakande kjekt!

Sidan Hedvig har feber reknar eg med det vert heimedag imorgon for meg og ho. Oda gler seg til barnehagen, og skal få brenne av litt krutt der medan eg og minstemor stullar heime. Sidan eg skal vere heime heile dagen er eg no freista til å la husarbeidet stå. La rot vere rot, og støvsugaren få samle krefter til eit tak imorgon. Men me får sjå, det hadde jo vore kjekt om ein kunne bruke litt meir av tida til kos med Hedvig, istadenfor å skulle gjere tusen ting med ho på slep...

Før eg set igang med å samle ein bunt viljestyrke må eg ta fram to award'ar som eg fekk på torsdag. Award'ar er veldig kjekke å få(!!!) og eit aldri så lite tiltak å sende vidare. Nokre gonger føler ein at det har gått inflasjon i dei, men denne gongen gjer eg absolutt ikkje det.
Frå Rod i hob fekk eg denne kjekke saken, og eg trur faktisk eg skal briske meg med orda som fylgde med: "sist men ikkje minst Rosa. Med hennar Rosa univers! Ho er utrulig kreativ og lager kjempemykje flott ;-) Spesiellt scrapbooking :-) "
Tusen takk, Rod i hob!!
Dei aller fleste bloggar eg har lese har vore kreative, kvar på sitt vis. Difor skulle eigentleg alle fått den, men istaden plukkar eg kun ut ein blogg (Du veit, det var det der med inflasjon...). Janne har inspirert meg masse med scrapping og kort, og difor er det ho som får dagens kreativ-award. Ho har dessutan annonsert blog-candy, og eg hoppar sjølvsagt på moglegheita til å vinne noko kjekt :)

Denne nydelege utmerkinga fekk eg hjå Tove, ei dame som alltid har hjarta på rette staden. Har du ikkje vore innom hjå ho før bør du absolutt ta turen! Eg må berre neie så fint eg kan og sei tusen tusen takk, Tove!
Denne awarden vil eg gje vidare til Anna Lisa, som til liks med Tove bloggar med hjarta (om nokon skjønar kva eg meiner). Eg syns bloggane deira osar av varme, og det er alltid triveleg å stikke innom der.
Vips, så var klokka så mykje at det luraste eg kan gjere er å komma meg i seng. Ei kald og tom seng, men når det kjem til leggetid er eg enkel - eg sovnar som regel før hovudet treff puta.
nattinatt :)

5 kommentarer:

Anna Lisa`s hjerteblogg sa...

Å så snillt!!! Tusen takk!!! Denne vart eg veldig glad for!!! Tusen takk!!!!
Ha ei fin ny veke
Klem

Nikoline sa...

Huff og huff... kor teit går det eigentleg an å vera då...???
Takk skal du ha!
Ser du skal vera gressenke nokre dagar,lurar på om du har like enooorme planar for ALT muleg slik eg har når eg har "åleine-tid"... som regel vert det 1/3 av planane som vert gjennomførde.
Ja,ja..planar er godt å ha,viktig også..
Kos deg og håpar Hedvig vert fort frisk att!

Rønnaug S. sa...

jamm da har du vel hatt en nydelig dag heime, da?? Håper dere har fått kost dere masse.

Linda sa...

jeeeeeeeeeee..... du må inn i bloggen min;)

rod i hob sa...

He he -så morsomt at du tenkte på meg når du såg programmet :-) Eg har så masse grunning igjen ette at eg tok gangen oppe -så eg må nok desverre bruka den opp fysst..

Når eg tenke meg om så va de egentlig grunningå som va tyngs.... Men gleden me å sjå kor lyst de blir e absolutt verdt de!

Eg trur kansje eg må dela gangen opp i ein vegg om gongen... Då blir de kansje litt lettare??? Samboeren ska legga nytt lyst lekkert tak både oppe og nere -med spotlighta i å greie. Så de komme jo te å bli sååååååååååå fint te slutt... Men me må jo bare komma igang! (Vett kje om arbeidsfordelingå e litt skeiv, men han legge tak og eg male He he...)

Ha en super kveld!!

Related Posts with Thumbnails