måndag 5. januar 2009

Blåmandag

Idag var det forventa at ettermiddagen kunne verte litt "trang". Eg meinar, etter lang joleferie der me har sove til klokka 10 kvar einaste dag - heile familien - så MÅTTE det jo verte litt tungt idag, når udyret på nattbordet bar laus klokka halv sju. Etter å ha kjempa 3 rundar med den gav eg opp, og drog opp augene. Så skulle eg vekkja Oda, noko som tok i overkant av 5 minutt, det òg. Sjølv morgonfriske Hedvig vakna ikkje før eg strak ho på ryggen! Rosamannen er ikkje til å rekne på på denne tida av døgeret...... Men det vart likevel ein ganske god morgon der alle jobba i same retning - om å komma seg ut av huset og til sine respektive gjeremål. Rosamannen er i tillegg (som før nevnt) igang med NM-oppkjøring, og då er me tilbake i tralten der han er bortebuar på mandagar.

Heile dagen gleda eg meg til å sjekke postkassen, og snøskuffa var i beredskap då eg omsider kom heim og opna loket. Der oppi, vakker og gusjebrun, låg den etterlengta konvolutten eg hadde venta på. Litt mindre enn eg hadde rekna med, men det var jo ikkje noko å bry seg med. Ikkje før eg opna den. For etter å ha plukka ut fine stempel og forskjellige pakkar metallpynt innsåg eg at noko av det viktigaste mangla - ny kniv til Silhouette-maskina mi. Vel i hus (etter å ha prøvd å ringe scrappebutikken 14 gonger utan å få svar) konstaterte eg med eit blikk på gradestokken at dei 12 kuldegradene utandørs hadde si virkning på innemiljøet òg. I stova var det 12,2 grader, på kjøkkenet 8,8. Det var berre å behalde ullkleda på, og setje igang med fyring! Jaudå, eg hadde hatt ein oljeovn ståande på kjøkkenet, tilogmed på fullt! Men kjøkkenet er og blir kaldt.. Faktisk så kaldt, at då eg skulle tappe vatn til eitelleranna kom det ingenting. Det var nesten så det knaka litt i krana i rein protest! Eg prøvde den andre sida, men det hjalp sjølvsagt ikkje; Vatnet var frose! Dei små var som eg sjølv trøytte og svoltne, og eg kunne knapt høyre meg sjølv tenkje i larmen frå to småjenter som absolutt måtte ha den samme blyanten. Endå mindre kunne eg høyre av den som til ei kvar tid var i den andre endenav telefonforbindelsen, enten det den rådlause men optimistiske rosamannnen, den trøystande mammo eller den beroligande pappen. På med vifteovn - men det tålte sjølvsagt ikkje sikringa. Nytt forsøk med ovnen på ein annan stikkontakt, og opp i 2. for å få igang den aktuelle sikringa igjen. Omsider hadde eg fått mat i dei to sirenene, slik at det gjekk an å tenkje klart. Eg opna kjøkkenskapet - tenkte at litt varme inn til kalde røyr sikkert var fint. Og kva ser eg der? Jau, midt i boset - perfekt plassert i eit halvt mandarinskal - dei umiskjennelege små svarte riskorna etter ei eller fleire mus!! Og så me som har investert i høgfrekvent museskremmar. Då har kanskje rosamannen rett likevel - at musene i rosaheimen har skaffa seg hørselvern, og kjem like ufortrødent tilbake.

No har min snille pappa vore her, og har lova at imorgon skal han ringe røyrleggjar og undersøkje om det er mogleg å låne utstyr til å dampe oppatt frosne røyr under kjøkkengolvet mitt. Eg vurderer sterkt å finne fram snøskuffa likevel, i jakta på røyrleggjaren som hardnakka påsto at det absolutt ikkje var nødvendig å isolere røyrgangen der under golvet, men akurat no, når Oda har krangla seg til sengs - då skal mor sleppe alle tankar på frose vatn og innpåslitne mus - då flyktar eg til mi vesle hole, og der trur eg jammen at eg blir heilt til leggetid.

(PS: Eg har teke opptil fleire bilder som skulle illustrere dagens innlegg, men sjølvsagt er kabelen til kamera/PC vekke, og eg har i rein trass bestemt at vil han gøyme seg så skal iallefall ikkje eg finne han!)

2 kommentarer:

Trollkåno sa...

Oioi, var no ikkje måte på til elende i Rosaheimen i dag.
Frose vatn og mus i skapet....
Er meldt plussgrader i morgon om det er noko trøyst. Men må nok meir varme til for å tine opp frosne røyr. For lenge å vente til våren òg.....hm.
Nei , det vert nok "ordnings" i morgon, skal du sjå...

rod i hob sa...

Tjihi -nei han har ikkje det! Desverre!! Han bør iallefall repetera noken av kurså :-)

Frosne røyr e ikkje te å spøka med -har opplevd de sjøl, men de e heldigvis lenge siden... Håpe at de blir likar i mårra!!

Related Posts with Thumbnails