onsdag 21. januar 2009

Because I'm worth it

Den som ser på TV kan nok ikkje ha unngått å sjå alle dei fagre damene som rettferdiggjer ei kvar utskeiing med "Because I'm worth it" (fordi eg er verdt det). Ei lita omformulering kan òg gjerast - fordi eg fortener det.

Idag hadde eg ordna med barnevakt, og var heilt klar for å komma meg på jobb etter to dagar med sjuke ungar i heimen. Gårsdagen verka lovande, så og seie utan øyreverk hjå storesyster og med lågare feber på minstemor. Mor sjølv følte sant å sei eit behov for å koma seg utanfor husets fire vegger over litt lengre tid enn det tek å henta ved i uthuset.

Så kom natta, med stadig uro over babysitteren, som til slutt enda med at me låg 3 stykk i senga - igjen. Hedvig var som ein stråleovn, og eg syns nokre gonger eg kjende at ho skalv, og at pusten av og til kom i små hiv. Mor vart liggande vaken, med stigane uro. Klokka fem tok eg snuppa med meg til febermåling, og konstaterte at ho var komen opp i 39,7. Eg likte det dårleg. Gav ho ein stikkpille, og tilbake i seng medan eg lova meg sjølv å ringe lækjaren med det same kontoret opna.

Jaudå, det var ein lyd på høgre lunge, og lækjaren meinte det kunne vere bronkitt på veg. Det vart slimløysande mikstur, nasespray, og ein apocillinkur til å ha i bakhand om ikkje dei to fyrste preparata gjorde at me merka betring. Vel heime (etter over ein halv time på apoteket der ein lærling ikkje skjønte opp og ned på datasystemet!) fekk eg og ho oss ein god kvil på sofaen medan Oda var hjå Besta - det gjorde godt for begge to. Og då Oda idet ho kom inn døra med raude kinn erklærte at ho ikkje følte seg bra var det berre å finne fram termometeret igjen. Jammen hadde ikkje ho òg feber, gitt.

Etter å ha lurt i dei pølsepinnsvin til middag (altså potetstappe med små pølsebitar - noko må ein jo gjere for å pirre ikkje-eksisterande matlyst hjå to små) bestemte me at idag kunne me godt kose oss litt. Som sagt så gjort:

3dl melk, ei pakke frå Toro, 5 minutt med handmiksar og 15 minutt i kjøleskapet: Herleg lys og luftig sjokolademousse - because I'm worth it!

Eg ville trudd at jentene ville ha meir enn eit par skeier kvar, men det seier vel berre litt om matlysta? Eg skal iallefall kose meg med ein porsjon når dei begge søv søtt. Jobb? Nei det har eg visst ikkje tid til denne veka....

7 kommentarer:

Linda sa...

Ånei ånei masse god bedring!!
håpar det går fort over....

og du.... den sjokolademoussen.. åh.. eg har ein pakke frå freia i skåpet, men den er so dyrebar at eg tør ikkje lage den.. men det bildet ditt.. bevares... like før eg dør her...

Fru Fjeldhammer sa...

nam, sjokolademousse hørtes veldig digg ut!! *S* Det er deg vel fortjent...

God bedring til jentene dine!
klem

rod i hob sa...

Fortsatt sjuke i heimen!! Stakkars små!! Får håpa at du klare halda deg frisk då iallefall! Å de e virkelig lov å kosa seg litt på sånne daga!!

God bedring i heimen!!

Rønnaug S. sa...

Det fortjente du virkelig! Håper medisin virker fort og godt. Det er ikke kjekt med sånne ting. Og så typisk at det skal skje denne uka.

Nå er jeg klar for leir, igjen. Sitter her og gleder meg til komme i gang. Og det er ikke ille.

Snakkes :)

Annika sa...

Stakkars to små! Masse god bedringsvibbar sendast over.

Moussen såg god ut - men heldigvis er eg ikkje så glad i det, så eg blei ikkje frista ;)

Anne sa...

God bedring til barna dine! Håper de er friske igjen snart! Ha en fin kveld!

Irene sa...

Uffda, stakkars søte små, god bedringvibber sendes i bøtter og spann.
Og så må jeg si jeg er mektig imponert over de flotte stjernebøkene du lager, skikkelig profft.

Related Posts with Thumbnails